Trondheim Friidrett
Utsjånad
(Omdirigert frå Trondheim FI)
Trondheim Friidrett er eit idrettslag orientert mot friidrett åleine. Laget vart stifta 1. desember 1998 av medlemer i friidrettsgruppene til fire ulike idrettslag i Trondheim. Stiftarane frykta framtida for friidretten i byen, ettersom Rosenborg Ballklub og Trondheim kommune var i ferd å omgjere Lerkendal stadion til ein spesialarena for fotball.
Sprintaren Stine Tomb, høgdehopparane Stine Kufaas, Tonje Angelsen, Caroline Fleischer, lengdehopparen Ingar Kiplesund har alle vorte noregsmeister i respektive øvingar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Trondheim Friidrett» frå Wikipedia på bokmål, den 12. juni 2025.