Trondheim kommunale kulturskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trondheim kommune
Kulturskulen

Trondheim kommunale kulturskole (TKK), som er dagens namn på skulen, vart oppretta i 1973 og var saman med Trøndelag musikkonservatorium ei vidareføring av Trondhjems musikkskole som vart etablert allereie i 1911.

I den første tida gav skulen eit tilbod berre i musikk og heitte Trondheim kommunale musikkskole (TKM). I 1998 vart tilbodet utvida til andre kunstuttrykk og namnet vart endra til Trondheim kommunale musikk- og kulturskole (TKMK). Dette namnet vart behalde fram til 2009, då dagens namn vart innførd. Skulen har i dag over 4000 elevplassar og gir eit breispektra undervisningstilbod i musikk, visuelle kunstfag, teater, sirkus og dans. Skolen har eit omfattande samarbeid med skule- og utdanningsinstitusjonar i kommunen og med det frivillige og profesjonelle kulturlivet i Trondheim. Undervisninga føregår på 38 forskjellige skular med hovudsete i kulturhuset i byen, Olavskvartalet. TKK arbeider målbevisst for å implementere den nasjonale rammeplanen for kulturskulane.

Trondheim kommunale kulturskule har blitt anerkjent nasjonalt[1] og internasjonalt[2] både for oppnådde faglege resultat og for å ha utvikla samarbeidsmodellar med skuleverket forøvrig og kulturlivet elles. TKKs aktivitet er bygd på grunnidèen om at musikk- og kulturfag er like viktige som matematikk og språkfag.

Ideologi[endre | endre wikiteksten]

  • Opent opptak (tilpassa undervisning til alle interesserte, kvalitet i breidde og topp).
  • Integrert kulturskulemodell (kompetansesenter for skuleverket og kulturlivet).
  • Desentralisert verksemd (undervisning på skulane i bydelane og i spesialbygg med gode fasilitetar).
  • Låge skulepengesatsar, familiemoderasjon og friplassordningar.

TKKs grunnlagsfilosofi og dei verdiane skulen søkjer å fremme, er:

  • deltaking
  • tilhøyrsle
  • engasjement
  • oppleving
  • kvalitet

Ved TKK er samspel i ulike grupperingar ein høgt prioritert aktivitet. Samspel i denne samanhengen tyder alt frå fleirhendig piano, klassiske kammerensembel til varierte bandkonsept. Ein annan prioritert aktivitet er opptredenar i form av førestillingar, utstillingar og konsertar. Slike framsyningar kan vere kulturinnslag i samband med møte/konferansar, eller månadens bilete på Rådhuset, eller det faste kunstnariske innslaget ved Bystyremøta. Årleg har elevane ved TKK ca. 300 offentlege opptredenar. Konsertar/ førestillingar/ utstillingar blir rekna som «hjarta» i verksemda til TKK.

Rektorar ved skolen[endre | endre wikiteksten]

  • Kåre Opdal (1972 - 1994) vart tilsett allereie i 1972 for å førebu oppstarten av TKM i 1973
  • Vidar Hjemås (1994 - )

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]