Hopp til innhald

Trondheim kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trondheim kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Trondheim
Areal 528,60 km²
 •  land 500,39 km²
 •  vatn 28,21 km²
Folketal 218 460 (1. januar 2026)
Målform nøytral
Ordførar Kent Ranum (H)
Kommunenr. 5001
Kart
Trondheim kommune
63°25′41″N 10°23′49″E / 63.42811°N 10.39687°E / 63.42811; 10.39687
Kart som viser Trondheim kommune.
Kart som viser Trondheim kommune.
Kart som viser Trondheim kommune.
Wikimedia Commons: Trondheim
Nettstad: trondheim.kommune.no

Trondheim kommune (sørsamisk: Tråanten tjïelte[1]) er ein kommune i Trøndelag fylke. Administrasjonssenteret i kommunen er byen Trondheim.

Trondheim kommune omfattar halvøya Byneset i vest, og strekkjer seg ned til osen av elva Gaula i Trondheimsfjorden i sør, og til Jonsvatnet og Ranheim i aust. Kommunen grensar i aust mot Malvik kommune, og i sør mot kommunane Selbu, Klæbu og Melhus. Dei noverande kommunegrensene vart vedtekne i 1. januar 1964, då dei fire nabokommunane Strinda, Tiller, Leinstrand og Byneset vart slegne saman med Trondheim. Ved samanslåinga vart arealet til kommunen utvida frå 41 km2 til 342 km2, og innbyggjartalet vart nesten dobla.

Kommunen er med innbyggjarar den tredje største kommunen i Noreg.

Kommunevåpen

[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet til Trondheim vart vedteke i 1897 og har utgangspunkt i det gamle byseglet til Trondheim frå 1200-talet. Våpenet har to figurar; den til venstre er ein bispefigur med bispehuve og krumstav, ståande i ei kyrkje, og figuren til høgre er ein konge med krone og skålvekt i handa, som står i ei borg. Vekta figuren held skal symbolisere rettferd. Nedst på våpenet er det plassert tre hovud som skal symbolisere byrådet.

  1. ↑ «Samisk namn på Røros og Trondheim», Regjeringa.no, Kommunal- og distriktsdepartementet, 2022-09-09, henta 2022-09-09

«Trondheim» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]