Trondhjems len

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Trondheim len)
Hopp til navigering Hopp til søk
Trondhjems len og Bornholm, markert med grønt, høyrde under Sverige i to år, frå 1658 til 1660

Trondhjems len (svensk: Trondheims län) er eit tidlegare len i Noreg. Frå 1500-talet og fram til innføringa av eineveldet i 1660 var Trondhjems len eitt av fire hovudlen eller slottslen. Etter reformasjonen i 1537, vart Noreg administrativt delt inn i 25 len. Nordafjells vart det i sanninga ikkje forandra på dei lena og fylka som var sterkt innarbeidd. Også i tida etter innføringa av eineveldet i 1660 var det ein skilnad i tilhøva Nordafjells. Det står tildømes i fororda til Christian 4 norske lov at loven skal anvendes annerleis Nordafjells. Under eneveldet er det Kongen av Danmark-Noreg sende unge danske adelsmenn til Noreg for å driva inn skatter og avgifter, og syrgja for at kongen i København fekk sin del. Sønnafjells tilkom denne oppgåva etterkvart prestane, som på statthaldarens vegne bar en kasse på omgang, til innsamling av skattane som etterkvart vart innførde under det danske styret. Det vart ikkje tilfellet Nordafjells (Trondhjems len) ingen danske lensherrar tok sete i det symboltunge Erkebispegården som hadde vore sentrum for det katolske føydalsete i Trøndelag. Men kanslar Ove Bjelke tok sete der i nokre år. Trondhjem, Det vart kongen sin politikk att ingen skulle stå mellom han og bønder her. Inn under Trondhjems len høyrde den gongen òg Jemtland og Herjedalen. Etter Freden i Brömsebro av 1645 har desse områda vore ein del av Sverige. Trondhjems len var svensk frå 1658 til 1660. Trondhjems len omfatta dei seinare fylka Nord-Trøndelag fylke, Sør-Trøndelag fylke i tillegg til delar av Møre og Romsdal fylke (Romsdal og Nordmøre). Trondhjems len vart svensk den 26. februar 1658 gjennom freden i Roskilde, og vart gjeve attende til Danmark-Noreg den 27. mai 1660 ved freden i København. Svensk guvernør i denne tida var Claes Nilsson Stiernsköld.

Freden i Roskilde i 1658, svenske erobringar markert med grønt

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]