Trondheim sentralstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trondheim sentralstasjon
Train Station in Trondheim.jpg
Den eldste delen av stasjonsbygningen på Trondheim sentralstasjon
Stasjonsområde
Stad Dyre Halses gate
Distanse frå Oslo: 552,87
Opna 17. oktober 1881
Arkitekt Balthazar Lange
Plattformer 5
Linjer og rutedrift
Linje(r) Dovrebanen, Nordlandsbanen
Overgang

Trondheim sentralstasjon er hovudjernbanestasjonen i Trondheim og er endestasjon for Dovrebanen og Nordlandsbanen. Nord for stasjonen ligg Brattøra godsterminal som er knytt til Trondheim hamn.

Stasjonen er også rutebilstasjon for Trondheim og betener både bybussar og fjernbussar. Inntil 1968 gjekk også trikken til stasjonen.

Stasjonen gjennomgår ei større ombygging som truleg er ferdig i 2014.[1]

Namnehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Trondheim stasjon på 1880-talet.
Foto: Axel Lindahl

Stasjonen vart opna som Throndhjem (Brattøra) i 1881 som endestasjon for Meråkerbanen. Den eldste delen av stasjonsbygningen stod ferdig i 1883. I 1884 vart han endestasjon for Trondhjem–Størenbanen, som til då hadde hatt Throndhjem (Kalvskinnet) som endestasjon. Namnet vart endra til Trondhjem i 1894. Frå 1. januar 1930 til og med 5. mars 1931 var stasjonsnamnet ei kort tid Nidaros, for så bli Trondheim. Frå 1995 nytta NSB namnet Trondheim S (sentralstasjon), men dette vart først tatt i bruk av Jernbaneverket frå 15. desember 2002.[2]

Jernbane[endre | endre wikiteksten]

Trondheim sentralstasjon i 1929
Foto: Anders Beer Wilse


Buss[endre | endre wikiteksten]

I 1995 vart rutebilstasjonen flytta frå Leütenhaven til Trondheim Sentralstasjon. Med dette vart ein ny bygningsmasse ført opp for lokale bybussar og fjernbussar.

Fleire av bybussrutene til AtB stoppar her, mellom anna rute 19 og 46 som knyter stasjonen til Midtbyen og resten av sentrum. NOR-WAY nyttar stasjonen som terminal for sine bussar til Oslo (via Røros), Namsos og Bergen (via Førde i Sunnfjord). Lavprisekspressen køyrer ruter til Oslo. Gauldal Billag har bussar herifrå til Støren, Oppdal og Røros. Trønderbilene har ruter til Fosen, Orkanger, Agdenes og Snillfjord. Nettbuss har ruter til Malvik, Stjørdal, Meråker, Selbu, Tydal, Skaun, Melhus, Orkdal og Meldal. Klæburuten har bussar til Klæbu og Trondheim lufthamn, Værnes herfrå.

Flybussen har faste avgangar frå Trondheim sentralstasjon

Hurtigbåt[endre | endre wikiteksten]

Ei ny gangbru over det eksisterande jernbanesporet vart opna i oktober 2012. Denne knyter stasjonsområdet til Pirterminalen og eit nytt parkeringsbygg i samband med Nordre avlastningsveg (NAV). Trondheim Sentralstasjon er to minutt med buss frå Pirterminalen der Fosen Trafikklag har hurtigbåtar til Vanvikan, Brekstad, Sistranda og Kristiansund. Det er om lag 15 minutt å gå frå kaia for Hurtigruten Bergen-Kirkenes.

Trikk[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1913 og 1968 var stasjonen terminus for Elgseterlinjen (linje 2) og Singsakerlinjen (linje 3) var driven av Trondheim Sporvei. Det har vore planar om å forlenge det som er att av dagens trikkelinje (Gråkallbanen) til Pirterminalen med haldeplass på sentralstasjonen.

Framtid[endre | endre wikiteksten]

I samband med byutvikling og revitalisering av området nord for stasjonen er delar av stasjonsbygningen rivne. Delar av området som i dag er nytta til bussterminal vil endrast. Det er òg prosjektert ein parkeringsgarasje under stasjonsbygningen.

For å skape ein levande bydel har NSB Eiendomsutvikling og andre aktørar vist ønske om å bygge bustader knytte til stasjonsområdet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Førre stasjon   Jernbaneverket.svg Jernbaneverket   Neste stasjon
DovrebanenEndestasjon
Endestasjon Nordlandsbanen
Regionaltrafikk
26Røros - Trondheim S - Rotvoll
26Lerkendal - Trondheim S - Steinkjer
Fjerntrafikk
21Oslo S - Trondheim SEndestasjon
25Trondheim S - Røros - Hamar
72Nabotåget
Heimdal - Östersund
Endestasjon 71Bodø - Trondheim S