Trondheimsfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trondheimsfeltet er eit stort område i Trøndelag, frå traktene omkring Trondheimsfjorden og sørover til den nordlege delen av Gudbrandsdalen. Feltet består av bergarter skove inn frå nordvest og deformert i løpet av den kaledonske orogenesen. Feltet består av ei rekkje underordna skyvedekke med opphavleg prekambriske bergarter saman med kambrosilurisk glimmerskifer, sandstein, grønskifer, kalkstein og djupbergartar som gabbro, oppdalitt og trondhjemitt. I einskilde kalksteinar og skifrar finst fossil som er nærare knytt til fossilfaunaen i Nord-Amerika enn til den ein finn ved Oslo, i Sverige og dei baltiske landa.

Den klassiske inndelinga av bergartene i Trondheimsfeltet er Gulagruppa, Størengruppa, Hovingruppa og Horggruppa.

Ei rekkje kisførekomstar har gjeve grunnlag for gruvedrift, t.d. ved Røros, Løkken og Folldal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]