Trondheimsleia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°24′44.737″N 8°33′10.282″E

Terningen fyr i Trondheimsleia, på søraustsida av Hitra.
Foto: Morten Skogly

Trondheimsleia er havområdet mellom Smøla og AureNordmøre og mellom Hitra og kommunane Hemne, Snillfjord og Agdenes i Trøndelag.

Trondheimsleia strekkjer seg 94 km nordaustover frå nordsida av Tustna i sørvest til innløpet til Trondheimsfjorden ved Agdenes i nordaust. Delen av Trondheimsleia på sørsida av Smøla vert òg kalla Edøyfjorden. Mellom Smøla og Hitre går Ramsøyfjorden sørover til Trondheimsleia og frå her går leia inn i Sør-Trøndelag.

Av stader langs leia finn ein Leira på Tustna, Tjeldbergodden, Sandstad og Grindvika på Hitra og Vassbygda.

Sidefjordar og delfjordar[endre | endre wikiteksten]

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Hurtigruta og Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim trafikkerer Trondheimsleia på langs. I tillegg kryssar fleire ferjesamband leia:

Frå Aure går det Smøla kryssar leia.

Leia er særs djup, opptil 250 meter på det djupaste, noko som skapte problem då Hitratunnelen vart prosjektert. Mellom Jøstenøya på Hitra og Hemnskjel i Snillfjord vart det funne ein terskel som «berre» var 185 meter djup og her vart tunnelen til slutt bygd med det lågaste punktet på 264 meter.