Hopp til innhald

Trondhjems Mekaniske Værksted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trondhjems Mekaniske Værksted (TMV) var eit skipsverft i Trondheim. Verftet vart grunnlagt i 1872 og nedlagt i 1983. Det leverte fleire skip til Hurtigruta.

Skipinga av TMV

[endre | endre wikiteksten]
Verftsdirektør Hans Georg Jürgens

I 1862 vart det oppretta eit aksjeselskap som skulle vidareføre drifta av det mekaniske verkstaden Fabriken ved Nidelva. Teknisk styrar av verksemda vart John Trenery, som hadde bygt opp verkstaden.[1] Det vart utvida med eit moderne skipsverft på Øvre Bakklandet, med tre beddingar og eit kaianlegg. Eitt av oppdraga til verftet på denne tida var DS «Indherred», som var bestilt av Stenkjær dampskibsselskab.

I 1872 vart verftet slått saman med jernstøyperiet og verftet Trolla Brug under namnet Trondhjems mekaniske verkstæd. Då hadde verksemda om lag 400 tilsette. Som følgje av den økonomiske verdskrisa midt på 1870-talet måtte verftet innskrenke mykje, og gjekk konkurs i 1876. I 1878 vart det starta ny verksemd under same namn, verftet vart omorganisert og hadde på 1880-talet igjen om lag 400 tilsette.

Sidan plasseringa til verftet ved elveslynga gjorde at det var avgrensa kor store skip som kunne byggast, kjøpte TMV i 1886 ei ny tomt i Rosenborgfjæra. I 1888 vart H. G. Jürgens tilsett som ny teknisk direktør, og stod for grunnlegginga av det nye verftet.

Gullalderen til verftet - 1890 til 1920

[endre | endre wikiteksten]
Dampskipet DS «Erling Jarl»

Flyttinga var fullført i 1895, og eit av dei første byggeoppdraga som vart ferdigstilt, var Hurtigruteskipet DS «Erling Jarl». Ved hundreårsskiftet vart verftet slått saman med Trondhjems Dokselskab og vart då eit av dei viktigaste skipsverfta i landet på denne tida.

TMV hadde då eit areal på 53 000 kvm. På fire beddingar kunne det byggast skip opp til 380 fot. I to tørrdokker på 280 og 310 fot kunne det gjerast reparasjonar. Standard skipsstorleik som vart bygt ved hundreårsskiftet var på om lag 1100 BRT. Verftet hadde om lag 700 tilsette og var den åttande største bedrifta i landet. Heile prosessen, frå planlegging til utrusting av skipa skjedde på verftet. Verftet hadde eige maskinverkstad, kjeleverkstad og støyperi. I snikkaravdelinga vart skipsinnreiingane produsert.

DS «Haakon VII»

Verftet leverte i denne periode fleire skip til reiarlag over hele landet, i 1907 DS «Haakon VII» til Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab.

Motgangstider for TMV - 1920 til 1960

[endre | endre wikiteksten]
MS «Harald Jarl»

Dei økonomiske nedgangstidene etter første verdskrigen råka òg TMV. Mange kontraktar vart kansellert og mengda ordre vart sterkt redusert. Eit oppsving kom i gang i slutten av 1930-talet, men vart stoppa av andre verdskrigen.

Sidan Nidelv bru stengte Nidelva for større skip, bygde TMV ein dokk i Ytre hamnebasseng. Han vart i 1930 flytta til Nyhavna.

I 1940 overtok dei tyske okkupasjonsstyresmaktene styringa av verftet. Ein del uferdige byggeoppdrag vart ferdigstilt og levert til tyske reiarlag. TMV vart brukt til å reparere fartøy i tysk teneste.

I 1960 leverte verftet hurtigrutenskipet MS «Harald Jarl», som var byggenummer 244 ved TMV. Ved leveringa var ho det største skipet hurtigruteflåten.

Dei siste åra

[endre | endre wikiteksten]
MS «Narvik»

TMV vart ein del av Aker-gruppa etter at Akers Mekaniske Verksted overtok aksjemajoriteten i 1960. I denne perioden vart det høvesvis produsert fiskefartøy. Det var høg aktivitet, og ein ny beddinghall vart reist i 1966.

Styresmaktene sette inn støttetiltak for å hjelpe verftsindustrien i den dårlege marknaden for nybygg på 1970-talet. TMV fekk kontrakt på nye hurtigruteskip og leverte i 1982 MS «Narvik» til Ofotens Dampskibsselskab. Same året bestemte Aker-konsernet at det skulle satsast på oljeverksemd. Etter ein periode med lite ordretilgang og permitteringar, vart bedrifta nedlagt i 1983.

Dei tidlegare områda til tidlegare område husar i dag den nye bydelen Nedre Elvehavn. Fleire av dokkene og bygningane er bevarte og gjev den nye bydelen eit særpreg.

TMV i dag

Skip bygd ved Trondhjems Mek. Værksted

[endre | endre wikiteksten]

Lista er ikkje fullstendig.

Nr.OverlevertNamnTypeTonnasjeReiarlagHeimehamnAnna
11850DS «Nidelven»Lokalrutebåt?? brtDet Nordenfjeldske DampskibsselskabTrondheim
171870DS «Nor»158 brtHammerfest DampskibsselskabHammerfest
311874DS «Mandal»Lokalruteskip159 brtMandal & Omegnes DampskibsselskabMandalForlist 1941
391880DS «Einar»Lasteskip47 brtTrondhjems LekterkompagniTrondhjemForlist 1924
501889DS «Erik Jarl»Lokalruteskip152 brtStenkjær DampskibsselskabSteinkjer
511890DS «Jotunheim»Kystruteskip293 brtSogns Dampskibsselskab AS / v. Erik RustenBergen
561891DS «Eira»Lokalrutebåt90,56 brtRomsdals DampskibsselskabMoldeForliste 1952
731895DS «Erling Jarl»Kystruteskip677 brtDet Nordenfjeldske DampskibsselskabTrondheimOpphogd
801898DS «Røst»Lokalruteskip290 brtVesteraalens DampskibsselskabStokmarknesHugget
891900DS «Nanna»Lasteskip1125 brtJohan C. GiertsenBergenkrigsforlist 1918
901900DS «Vikingen»Lokalruteskip421 brtHardanger Søndhordlandske DampskibsselskabBergen
1131904DS «Karmsund»Lokalruteskip253 brtHaugesund DampskibsselskabHaugesund
1231906DS «Tordenskjold»Kystruteskip921 brtDet Nordenfjeldske DampskibsselskabTrondheim
1251907DS «Haakon VII»Kystruteskip1 347 brtDet Nordenfjeldske DampskibsselskabTrondheim
1331908DS «Odin»Lokalruteskip158 brtThrondhjems Lægterkompani / v. Emil TønnesenTrondheim
1361909DS «Richard With»Kystruteskip905 brtVesteraalens DampskibsselskabStokmarknes
1381909DS «Driva»Kystruteskip285 brtNordmør DampskibsselskabKristiansund N
1391909DS «Kysten»Lokalruteskip292 brtNamsos DampskibsselskabNamsosVeteranskip
1431910DS «Kong Gudrød»Kystruteskip1 091 brtDet Nordenfjeldske DampskibsselskabTrondheim
1481912DS «Herdis»1156 brtBachke & Co.TrondhjemKrigsforlist
1511912DS «Finmarken»Kystruteskip1119 brtVesteraalens DampskibsselskabStokmarknesHugget 1961
1531913DS «Roald Jarl»Lasteskip1404 brtDet Nordenfjeldske DampskibsselskabHugget 1960
1591914DS «Stavanger I»Kystruteskip718 brtDet Stavangerske DampskibsselskabStavangerHugget 1967
1701918DS «Arild»Lasteskip1119 brtA/S D/S ArildKristianiaForlist 1924
1861924DS «Nordnorge»Kystruteskip873 brtOfotens DampskibsselskabNarvikKrigsforlist - 1940
1951929DS «Barøy»Kystruteskip424 brtOfotens DampskibsselskabNarvikKrigsforlist - 1941
1971930DS «Siak»Lasteskip1150 brtA/S Skuld ved Nils BullTønsbergOpphogd 1960
1991931DS «Lyngen»Kystruteskip498 brtTroms Fylkes DampskipsselskapTromsø
2051937MF «Geiranger»Bilferje242 brtStatens VegvesenMolde
2131948DS «Songa»2066 brtKlaus Wiese HansenBergen
1952MS «Barøy»Kystruteskip900 brtOfotens DampskibsselskabNarvikSenket
2281954MS «Kongsbru»2029 brtA/S Solvang (A. Gowart-Olsen)StavangerOpphogd
2441960MS «Harald Jarl»Kystruteskip2 568 brtDet Nordenfjeldske DampskibsselskabTrondheim
7831977MF «Ølen»Bilferje904 brtHardanger Sunnhordlandske DampskipselskabBergen

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]