Trondhjems Skiløberforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Trondhjems Skiløberforening vart skipa i 1877 i Trondheim og var den første opne reine skiløparforeininga i byen. Foreininga vart løyst opp i 1886 og alle eigneluatane vart overført til Trondhjems Skiklub.

Foreininga arrangerte eit eller to renn kvar vinter dersom det var nok snø. Det første premierennet vart halde ved Solberg på Leinstranda i 1878. Seinare heldt dei renna sine nærare byen på plassar som Lorentzenbakkken på Stavne og i 1883 arrangerte dei det første rennet på Blyberget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]