Tronfjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tronfjellet
fjell
Tron sett frå sørvest med Alvdal tettstad i forgrunnen
Land  Noreg
Område Alvdal, Tynset (Innlandet)
Høgd 1 666 moh.
Primærfaktor 1 007 m
Koordinatar 62°10′29.07″N 10°41′37.67″EKoordinatar: 62°10′29.07″N 10°41′37.67″E
Kart
Tronfjellet
62°10′29″ N 10°41′38″ E
Wikimedia Commons: Tronfjellet

Tronfjellet eller Tronn er eit fjell aust for Glomma, og på grensa mellom Alvdal og Tylldal i Nord-Østerdal i Innlandet fylke.

Det særs dominante 1666 meter høge fjellet har all tid vore vêrprofeten for nørdre Østerdalen, i mellomalderen vegvisar for pilegrimsvandring, som derfrå gjekk beint på Forrolhogna i nord. Opphavet til namnet er ukjend, nokre språkfolk meiner at det kjem av at fjellet låg på grensa for det gamle Trøndelag. Den indiske filosofen og diktaren Sri Ananda Acharya er gravlagd på toppen, der det i dag er ein kraftig krinkastingssendar.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.