Hopp til innhald

Trontale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kong Charles III av Storbritannia les trontalen ved opninga av parlamentet i 2024.
Foto: Roger Harris/Overhuset

Trontale er ein seremoniell tale som blir halden av monarken framfor nasjonalforsamlinga i eit land, vanlegvis ein gong i året. I talen legg monarken fram dagsordenen til regjeringa for den kommande sesjonen. Trontalen er skriven av regjeringa, ikkje av monarken. Noreg,[1] Storbritannia[2] og Nederland[3] har trontalar som ein del av konstitusjonen sin. Det finst også monarki der monarken held ein tale som ikkje er knytt til politikken til regjeringa, til dømes i Spania.[4]

Kong Haakon les trontalen i 1950.

I Noreg kjem Stortinget saman i oktober. Det konstituerer seg og blir opna av monarken som les opp trontalen «hvori han underretter det om Rigets Tilstand og de Gjenstande, hvorpaa han især ønsker at henlede Storthingets Opmerksomhet.», jfr § 74 i grunnloven.[1]

I samband med trontalen er plassen til stortingspresidenten erstatta av ein gullforgylt stol, tronstolen, for regenten. Under talen er alle stortingsrepresentantar, statsrådane og representantar for høgsteretten til stade.[5][6]

Etter at kongen har avlevert trontalen er skikken at statsråden med minst fartstid les opp meldinga om rikstilstanden.[7]

Etter trontalen blir trontaledebatten halden i Stortinget. Her debatterer ein innhaldet i trontalen, det vil seia politikken til regjeringa, særleg hovudprioriteringane og den politiske profilen som er gjevne.[7]

I høve der kongen har vore hindra frå å halda trontalen har talen blitt lesen opp av kronprinsregenten.[7][8][9] Kronprins Haakon framførte trontalen for fyrste gong i 2020.[10]

Ifølgje politikaren Jens Haugland føreslo kong Olav ein gong for Haugland og statsminister Gerhardsen at trontalen burde haldast på nynorsk annakvart år. Haugland angra i ettertid på at han ikkje tok kongen på ordet, men Gerhardsen meinte det var nok at meldinga om tilstanden til og styringa av riket var på nynorsk.[1]

  1. 1 2 3 «Høytidelig åpning av Stortinget». Stortinget. Henta 2. februar 2025. «Under åpningen holder kongen en tale, trontalen, slik det står i Grunnloven. Denne talen er i våre dager skrevet av regjeringen og ikke av kongen selv. […] I trontalen leser kongen opp planene for regjeringens politikk for det kommende året.»
  2. «What is the King’s Speech?» (på engelsk). House of Commons Library. 15. juli 2024. Henta 2. februar 2025.
  3. «Speech from the Throne» (på engelsk). Royal House of the Netherlands. Henta 2. februar 2025.
  4. «Ceremonial de las sesiones solemnes de apertura de las Cortes Generales» (PDF) (på spansk). Congreso de los Diputados. Henta 2. februar 2025.
  5. Ali, Karwan Noradin (11. oktober 2025). «Kongen åpner Stortinget – Støre varsler nyheter». NRK (på norsk bokmål). Henta 11. oktober 2025.
  6. «Høytidelig åpning av Stortinget». Stortinget (på norsk). 19. mai 2025. Henta 11. oktober 2025.
  7. 1 2 3 Bull, Henrik (2021). «Stortingets konstituering og høytidelige åpning». I Mestad, Ola; Michalsen, Dag. Grunnloven: Historisk kommentarutgave 1814–2020. Universitetsforlaget. s. 630–632. ISBN 978-82-15-02258-1. doi:10.18261/9788215054179-2021.
  8. «Kronprinsregenten åpnet Stortinget». www.kongehuset.no (på norsk). Henta 31. mars 2022.
  9. «12. januar 1956 – Stortingets åpning» (PDF). regjeringen.no. Henta 31. mars 2022.
  10. «For første gang holdt kronprins Haakon trontalen for landets folkevalgte». www.bt.no (på norsk bokmål). 2. oktober 2020. Henta 11. oktober 2025.