Grasslette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tropisk grasslette)
Den eurasiske steppa i Indre Mongolia
Savanne nær Dindéresso i Burkina Faso.

Grasslette er opne, flate område med ulike grasslag som den viktigaste veksttypen. Det finst naturlege grassletter på alle kontinenta bortsett frå Antarktis, og i dei fleste økoregionane i verda.[1] Nokre døme på slike område er prærie i Nord-Amerika og savanne i Afrika.

Ein reknar ofte med at grassletter oppstår og blir haldne ved like av dyr som forflyttar seg eller beitar på dei, eller av eld.[2][3] Nokre døme på dette er migrerande flokkar av antiloper som trampar ned vegetasjon og savanneelefantar som et unge akasieplantar før dei kan veksa seg til større tre.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The grassland biome» (på engelsk). University of California Museum of Paleontology. Henta 9. april 2012. 
  2. Wilma Keppel. «How can grazing heal land?» (på engelsk). Managingwholes.com. Arkivert frå originalen 3. januar 2013. Henta 9. april 2012.  Arkivert 2017-11-09 ved Wayback Machine.
  3. A. Watkinson; S. Ormerod (2001). «Grasslands, grazing and biodiversity: editors’ introduction» (PDF) (på engelsk). Journal of Applied Ecology. Arkivert frå originalen (PDF) 1. mars 2006. Henta 9. april 2012.