Troposfærisk spreiing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Systemet med troposfærisk spreiing kan etablere samband med stor kapasitet over store avstandar, medan vanleg radiolink er begrensa av synsvidde (line of sight - LOS) mellom relæstasjonane.
Boswell Bay, Alaska. White Alice linkstasjon med troposfærisk spreiingantenne og matar.
Link med troposfærisk spreiing i Stillehavet

Troposfærisk spreiing, engelsk troposcatter, er ein metode å kommunisera med radiosignal i mikrobølgjeområdet over store avstandar – ofte opp til 300 kilometer, og ytterlegare avhengig av terreng- og klimafaktorar. Denne metoden for bølgeforplanting brukar troposfærisk spreiing-fenomenet, der radiobølgjer i UHF- og SHF-frekvensar vert tilfeldig spreidde etterkvart som dei passerer gjennom dei øvre laga av troposfæren. Radiosignal vert då overførte i ein smal stråle retta like over horisonten i retning av mottakar-banestasjon. Når signalet passerer gjennom troposfæren, vert noko av energien spreidd tilbake mot jorda, slik at mottakarstasjonen kan plukka opp signalet.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. FS-1037C Definition of tropospheric scatter, arkivert frå originalen 20. mars 2016, henta 3. april 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]