Trost i taklampa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Trost i taklampa er ein roman av Alf Prøysen. Boka kom ut i 1950 og er den einaste romanen Prøysen gav ut. Boka er òg sett opp som skodespel, syngespel og filmatisert.

Temaet i romanen er sosial og psykologisk undertrykking. Prøysen framstiller flukta frå landsbygda som eit frigjeringsprosjekt og ironiserar over bygderomantikeren som freistar å framstille utflyttarane som svikarar, og det er utflyttaren Gunvor Smikkstugun som er helten. Trost i taklampa vart òg dramatisert av Prøysen og Asbjørn Toms. Forteljinga vart filmatisert i 1955, og er i tillegg oppført som syngespel, med musikk av Finn Ludt. Romanen vart ein storselgjar med eit sal på over 60 000 det året boka kom ut. Sidan har boka òg kome i utgåve frå Den norske bokklubben.

Handlingsreferat[endre | endre wikiteksten]

Boka følgjer to handlingsgreiner som ikkje ser ut til å ha stort med kvarandre å gjera før dei møtest med ein smell i siste kapitlet. Konflikten mellom desse er latent, og det kjem aldri til direkte konfrontasjon mellom dei. På den eine sida finn ein diktaren Lundjordet, som står for ein sein nasjonalromantikk, som skriv vent om bygdeliv og bondestand, men som har vore borte frå bygda i mange år. Lundjordet har sjølv ein smålåten bakgrunn som tenar på Smikkstad, men var oppteken av litteratur, reiste ut og vart ein heidra diktar. Bygdas store son. Når han kjem att, vert han motteken av bonden på Smikkstad, læraren Brekkestøl og redaktøren Gregersen. Planen hans, og planen til læraren og redaktøren, er at Lundjordet skal halde eit foredrag om "flukten fra landsbygda" på lørdagen etter, for å hindre meir arbeidsflukt frå bygda. Dette foredraget vert grundig spolert av slagsmål mellom bygdefolka og tenarane på dansesletta nære ved, og Lundjordet reiser att utan å få gjennomslag. Den som ser mest opp til diktaren er dottera på storgarden, Ingebjørg Smikkstad, som og var den flinkaste på skula og Brekkestøls beste elev.

Den andre handlingstråden i boka fortel om Gunvor Smikkstugun frå husmannsplassen Smikkstugun, som reiste til byen for å få post, og kjem heimatt på ferie. Ho er kjend for å vera stri i kjeften, og drøymer om å få fleire ungdomar til byen. Saman med ho er det og andre som har reist ut. Gunvor er imot læraren og "bokpraten", og har lite forståing for den danningstanken som diktaren og læraren kjem med. Ho er stolt, sjølv om ho har "lite vett", som ho seier. Gunvor legg seg ut med dei andre jentene, særleg Elise Stugujinte og Eva Snekkersveen, sidan ho lokkar til seg Hjalmar, som Elise vil ha, og handelsbetjenten, som Eva vil ha. Slagsmålet på laurdagen vert utløyst då brørne hennar Eva, Snekkersvekara, kjem for å hemne seg på handelsbetjenten, og eit lag med studentar frå byen som er komne på sommararbeid i bygda. I slagsmålet som følgjer, vert Gunvor råkt av ein staur og slegen til marka. Når ho reiser seg, slepp ho kjeften laus og svarar for seg, før ho vert borte i skogen. Boka endar med at studentane og diktaren reiser attende til byen.

Analyse[endre | endre wikiteksten]

Boka viser ofte til eventyret om manndottera og kjerringdottera, og valet av "det rette skrinet". Her er rette skrinet grått, medan det galne er raudt. Gunvor held på at ho valde det raude skrinet lell (Originalt i eventyret er det rette skrinet blått).Ei av visene i syngespelet viser til ein gamal arbeidarsong (Sosialistmarsjen): Nå dages det, brødre, og Gunvor snakkar om å "ha raudfana på". Dette viser til kjolen ho ber på den avgjerande bygdefesten. I dette ligg det ein arbeidarklasse-agitasjon, som ho og får unngjelde for. Samstundes kan ein undre seg på kor fri Gunvor er vorten i den posten ho har fått.

Gunvor har sett seg sjølv utanfor systemet frå ho var lita, og har vore i opposisjon til læraren Brekkestøl sidan han fornærma ho i ein skuletime. Difor kastar ho og vrak på den velmeinte kunnskapen han kunne gjeve ho: "Du hadde ittno åt øss som itte kunne bokvægen!"

Boka tek opp ei rekkje makt- og klasseproblem i samtida, men slår i fleire leier. Gunvor er inga uproblematisk heltinne.

Adapsjonar[endre | endre wikiteksten]

Trost i Taklampa vart filmatisert alt i 1955, med musikk av Maj og Gunnar Sønstevold. Alf Prøysen dukkar opp i siste scenen i filmen. Boka vart laga om til musikal i 1963, med musikk av Finn Ludt og har vore spela fleire gonger på Det norske teateret. Båe adapsjonane skil seg frå originalverket ved meir tydeleg konfrontasjon mellom Gunvor og Lundjordet, og meir tydeleg politisk agitasjon. Det politiske perspektivet er mest fråverande i originalverket, der det vert lagt meir vekt på manglande kommunikasjon mellom partane, og synet på danning.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på biten om Trost i taklampa i artikkelen «Alf Prøysen» henta frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2008. og boka Trost i Taklampa frå 1950.