Troubadour av J.J. Cale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Troubadour
Studioalbum av J.J. Cale
Utgjeve September 1976
Innspelt 1976
Sjanger Blues, americana, Tulsa Sound
Lengd 36:11
Selskap Shelter Records
Produsent Audie Ashworth
J.J. Cale-kronologi
Okie
(1974)
Troubadour 5
(1979)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Rolling Stone(middels)

Troubadour er det fjerde studioalbumet til J.J. Cale, gjeve ut i 1976.

Albumet inneheld songen «Cocaine» som Eric Clapton fekk ein stor hit med året etter på albumet hans Slowhand. Clapton spelte òg seinare inn «Travelin' Light» for studioalbumet Reptile frå 2001. «Travelin' Light» vart òg spelt inn av Widespread Panic for albumet deira Space Wrangler n 1988. JJ Cale sin eigen versjon av «Travelin' Light» vart spelt for å vekke mannskapet på raketten Atlantis og Den internasjonale romstasjonen før spaserturen deira i rommet den 21. mai 2010.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Troubadour vart produsert av Audie Ashworth, som òg hadde produsert dei tre første studioalbuma til Cale. I dokumentarfilmen To Tulsa and Back frå 2004, fortalte Cale «Eg skreiv 'Cocaine', og eg er ein stor fan av Mose Allison...Så eg hadde skrive songen i ein Mose Allison-stil, ein slags cocktail jazz-aktig swing...og Audie sa 'Det er verkeleg ein god song, John, men du burde gjere han litt meir rock and roll, litt meir kommersiell.' Eg sa 'Ok, flott det.' Så eg gjekk attende og spelte han inn på nytt slik du kan høyre han på plata.»[2] Teksten i songen er fleirtydig, men Clapton skildra han som ein antidopsong.

Sjølv om «Cocaine» vart ein stor hit for Clapton i 1977, var den første singelen Cale gav ut frå Troubadour i 1976 songen «Travelin' Light» med «Hey Baby» som B-sida. Skribentar på Alltime Records skreiv «'Travelin' Light', med sin funky James Burton–aktige gitar som Jimmy Page prøve å kopiere på «The Crunge», i lag med flotte xylofonar som fyller ut lyden - rullar og rockar framover og har ein absolutt jordnær kvalitet».[3]

Fleire kjende musikarar spelar på albumet, som Ken Buttrey, Buddy Emmons og Reggie Young.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av J.J. Cale, utanom «I'm a Gypsy Man» av Sonny Curtis.. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Hey Baby»   3:11
2. «Travelin' Light»   2:50
3. «You Got Something»   4:00
4. «Ride Me High»   3:34
5. «Hold On»   1:58
6. «Cocaine»   2:48
Side to
# Tittel Lengd
7. «I'm a Gypsy Man»   2:42
8. «The Woman That Got Away»   2:52
9. «Super Blue»   2:40
10. «Let Me Do It to You»   2:58
11. «Cherry»   3:21
12. «You Got Me On So Bad»   3:17

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • J.J. Cale – vokal, gitar, piano
  • Charles Dungey – bassgitar på spor 1, 9
  • Tommy Cogbill – bassgitar på spor 2, 5, 8, 10-12
  • Joe Osborn – bassgitar på spor 3
  • Bill Raffensperger – bassgitar på spor 7
  • Karl Himmel – trommer på spor 1, 2, 4, 9
  • Kenny Buttrey – trommer på spor 3, 6, 8, 10
  • Buddy Harman – trommer på spor 5, 12
  • Jimmy Karstein – trommer på spor 7
  • Kenny Malone – trommer på spor 11
  • Gordon Payne – gitar på spor 8
  • Chuck Browning – gitar på spor 8
  • Reggie Youngrytmegitar på spor 1, 6, 9
  • Harold Bradley – rytmegitar på spor 2
  • Bill Boatman – rytmegitar på spor 7
  • Doug Bartenfeld – gitar
  • Lloyd Greensteelgitar på spor 1 and 9
  • Buddy Emmons – steelgitar på spor 5
  • Farrell Morris – perkusjon på spor 2, 9, 11
  • Audie Ashworth – perkusjon på spor 3
  • J.I. Allison – perkusjon på spor 7
  • Don Tweedy – ARP
  • Bobby Woods – piano på spor 8
  • Bill Purcell – piano på spor 12
  • George Tidwell – trompet på spor 10
  • Dennis Goode – trombone på spor 10
  • Billy Puett – saksofon på spor 10

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976–1977) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[4] 24
Nederlandske album (MegaCharts)[5] 4
Tyske album (Media Control)[6] 22
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[7] 2
Norske album (VG-lista)[8] 9
Svenske album (Sverigetopplistan)[9] 43
Britiske album (OCC)[10] 53
US Billboard 200[11] 84

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[12] Sølv 60 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Troubadour – J.J. Cale | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 16. september 2018. 
  2. The Best of Everything Show, with Dan Neer
  3. «Troubadour by J.J. Cale ::: Reviews». Alltime Records. Alltime-records.com. 13. oktober 2015. Henta 16. september 2018. 
  4. "J.J. Cale - Troubadour" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 16. september 2018.
  5. "J.J. Cale – Troubadour". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 16. september 2018.
  6. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 16. september 2018.
  7. "J.J. Cale – Troubadour". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 16. september 2018.
  8. "J.J. Cale – Troubadour". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 16. september 2018.
  9. "J.J. Cale – Troubadour". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 16. september 2018.
  10. "J.J. Cale | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 16. september 2018.
  11. «Troubadour – J.J. Cale | Awards | AllMusic». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 16. september 2018. 
  12. «British album salstrofé – J J CALE – TROUBADOUR». British Phonographic Industry. Henta 20. september 2015.  Enter TROUBADOUR in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go