Trouble av Cat Stevens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trouble
av Cat Stevens
frå albumet Mona Bone Jakon
Utgjeve 1970
Sjanger Folkrock
Lengd 2:49
Selskap Island Records (UK/Europa)
A&M Records (USA/Canada)
Låtskrivar(ar) Cat Stevens
Produsent Paul Samwell-Smith

«Trouble» er ein song skriven av den engelske songar-låtskrivaren Cat Stevens i 1969-1970, og gjeven ut i 1970 på albumet Mona Bone Jakon.

Stevens var på rekonvalesens i nesten eit år, etter å ha vorte diagnostisert med kollapsa lunge og tuberkulose. Han var tre månader på King Edward VII Hospital i Midhurst i England, og vart deretter overført til ni månaders sengeleie heime.[1] Stevens, som var døden nær då han vart innlagd på sjukehuset, brukte tida han var på rekreasjon til kontemplasjon, og skreiv dusinvis av songar, inkludert «Trouble», og mange vart spelt inn mykje seinare.[2]

Då han var innlagd på sjukehus, var Stevens ofte åleine i eit veldig sparsamt og enkelt rom. Han vart fortald at då han vart innlagd, hadde han kanskje berre nokre få veker igjen å leva.[3] Effekten på den 19 år gamle popstjerna var markant. Han sa: «Å gå frå showbusiness-miljøet og finna ut at du er på sjukehus, får injeksjonar dag ut og dag inn, og folk rundt deg døyr, det endrar absolutt perspektivet ditt. Eg byrja å tenkja på meg sjølv. Det verka nesten som om eg hadde hatt auga mine lukka.»[4] Songen i seg sjølv viser Stevens byte frå tungt orkestrert popmusikk til meir vekt på folkrock.

Medan han var i ferd med å friskne til, gav Stevens fritida si og nokre av sine nyare, meir introspektive songar til Colin Higgins og Hal Ashby og filmen deira Harold and Maude frå 1971. Dei fleste melodiane som vart brukte i filmen dukka opp på Stevens-albuma Mona Bone Jakon og Tea for the Tillerman, med unntak av to songar som ikkje vart gitt ut før på albumet Footsteps in the Dark: Greatest Hits Vol. 2 i 1984, «If You Want to Sing Out, Sing Out» og «Don't Be Shy».

I Harold og Maude blir songen «Trouble» brukt i scena med der Maude veit ho skal døy og den inderlege, unge elskaren hennar er knust over dette.

Opptredenar i media[endre | endre wikiteksten]

Coverversjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. O'Driscoll, Michelle. Disc Magazine-intervju «Tea with the Tillerman»
  2. Phillips, Mark. Opphavleg sendt 3. desember 2006 CBS Sunday Morning, Yusuf Islam Reflects on His Return; Artist Once Known as Cat Stevens Talks About New Album. Henta 10. april 2023
  3. Forbes, Jim. (2000). [TV-Series]. United States: VH1. 
  4. Islam, Yusuf Yusuf Islam: Biografi