Trouble av Elvis Presley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trouble
Song av Elvis Presley
frå albumet King Creole
Utgjeve 29. juli 1958
Innspelt 15. januar 1958
Sjanger Rock and roll, blues
Lengd 2:16
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber og Mike Stoller

«Trouble» er ein bluessong skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller, opphavleg framført av Elvis Presley i 1958 og spelt av fleire andre artistar seinare, mellom andre Amanda Lear.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Elvis Presley framførte songen i 1958 i filmen King Creole, og gav ut songen på albumet med same namn. «Trouble», med Scotty Moore på gitar, var ein av berre tre songar i filmen som var skriven av Leiber og Stoller. Framsyninga til Presley i filmen etterliknar Muddy Waters og Bo Diddley. Musikkritikaren Maury Dean føreslo at «Trouble», med Presley sin «snerrande vokal», er ein av dei første proto-punk-songane.[1]

Ti år seinare opna Presley comeback-fjernsynsprogrammet i 1968 med denne songen. Med ei mørkt, stemningsskapande lyssetjing, synte sekvensen til den varierte fortida til Presley og det «farglege» imaget der songaren vart framstilt som «sexy, mutt og pirrande».[2][3] Songen glei så over i «Guitar Man». Presley framførte songen fleire gonger på turneane sine tidleg i 1970-åra. I 1975 spelte Presley inn «T-R-O-U-B-L-E» og gav han ut på singel, men dette er ein heilt annan song.

Songen vart nytta i musikalen Smokey Joe's Cafe.

Amanda Lear-versjonen[endre | endre wikiteksten]

La Bagarre
Singel av Amanda Lear
frå albumet I Am a Photograph
B-side

«Lethal Leading Lady»

Utgjeve 1975
Sjanger Poprock
Lengd 3:40
Selskap Polydor, Creole, Ariola
Låtskrivar(ar) Jerry Leiber og Mike Stoller, Vline Buggy
Amanda Lear-kronologi 
La Bagarre «Blood and Honey»
(1976)


Songaren og modellen Amanda Lear spelte inn ein franskspråkleg versjon av «Trouble», kalla «La Bagarre», med ny tekst skriven av Vline Buggy. Denne versjonen vart gjeven ut som debutsingelen hennar i Frankrike og Belgia i 1975 av Polydor Records, med «Lethal Leading Lady» på B-sida, ein song som Lear var med å skrive. Singelen selde dårleg og i 1976 vart det gjeve ut ein engelskspråkleg versjon i Europa på Creole Records, men igjen selde han dårleg.

Lear framførte songen på Musikladen i 1976 i Vest-Tyskland, kledd i svart lêr i same stil som Elvis i 1950-åra.[4] Framføringa fekk Ariola Records til å gje ut «La Bagarre» på ny og signerte ho for ein platekontrakt på seks plater. Singelen vart òg marknadsført på det tyske TV-showet 3 nach 9, der Lear måtte motbevise at ho var transseksuell.[5]

«La Bagarre» om ut på debutalbumet til Lear i 1977, I Am a Photograph. Songen vart sidan fjerna på seinare utgåver til fordel for «Queen of Chinatown».

Lear spelte den engelskspråklege versjonen av songen i 2014 for albumet sitt med Elvis Presley-ongar, My Happiness.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

A. «La Bagarre» – 3:40
B. «Lethal Leading Lady» – 2:50
A. «Trouble» – 3:40
B. «Lethal Leading Lady» – 2:50

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dean, Maury. Rock N Roll Gold Rush: A Singles Un-Cyclopedia s. 438.
  2. Doll, Susan. Understanding Elvis: Southern Roots vs. Star Image 1998. s. 154.
  3. Doll, Susan. Elvis for Dummies 2009. s. 182.
  4. «La Bagarre Amanda Lear». YouTube. www.youtube.com. Henta 14. oktober 2016. 
  5. «AMANDA LEAR - INTERVIEW «3NACH9» (GERMANY 29/05/1976)». 3 nach 9 (på engelsk og tysk). www.youtube.com. Henta 14. oktober 2016. 
  6. «Amanda Lear - La Bagarre / Lethal Leading Lady (Vinyl) at Discogs». www.discogs.com. Henta 14. oktober 2016. 
  7. «LA BAGARRE - 1975 Frankrike». amandalear_singoli.tripod.com. Henta 14. oktober 2016. 
  8. «Trouble / Lethal Leading Lady by Amanda Lear : Reviews and Ratings - Rate Your Music». rateyourmusic.com. Henta 6. mai 2011. 
  9. «TROUBLE - 1976 Spania». amandalear_singoli.tripod.com. Henta 6. mai 2011. 
  10. «Chart Stats - Gillan - Trouble». www.chartstats.com. Arkivert frå originalen 29. juli 2012. Henta 14. oktober 2016.