Troutbeck Tongue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Troutbeck Tongue
ås
Land  England
Fylke Cumrbia
Kart
Troutbeck Tongue
54°26′59″N 2°53′34″W / 54.4497°N 2.8929°W / 54.4497; -2.8929

Troutbeck Tongue er ein ås i Lake District i England. Han ligg fem kilometer aust-nordaust for Ambleside. Åsen er ein av 214 toppar lista opp i Alfred Wainwright sin Pictorial Guides to the Lakeland Fells, noko som gjer han til eit populært mål for fotturistar som vil nå toppen av alle «wainwrightane». Den middelsstore høgda og nærleiken til vegen gjer han til ein overkommeleg halvdagstur å klatra på når dei høgare åsane er dekte av skyer.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Troutbeck Tongue går ut i sør-sørvestleg retning frå hovudkjeda Ill Bell, like nord for Froswick. Det skil Trout Beck frå den viktigaste øvre tilførsleåra si, Hagg Gill. Desse to bekkane renn nesten saman att bak åsen, med dalsøkket som går til Froswick i ei høgd på 968 fot (295 m). Dette søkket har ei mengd gamle vardar ved botnen av den lange grasdekte baksida av åsen. Denne sida er totalt ulik sørsida, som stuper bratt ned med bare sider til Troutbeck Park.

Ruter[endre | endre wikiteksten]

Ein klatrar vanlegvis opp til toppen frå landsbyen Troutbeck, som ligg fem kilometer nord for byen Windermere. Frå landsbyen er det ein fin tur til foten av åsen langs Trout Beck på Ing Lane, som fører til Troutbeck Park Farm. Denne sauegarden på 1900 acre (7,7 km²) blei kjøpt av barnebokskaparen og landskapsvernaren Beatrix Potter i 1923 for å verna han mot utbygging. Då Potter døydde i 1943 testamenterte ho eigedommen til National Trust, i lag med 13 andre gardar ho åtte i Lake District.

Turen opp til toppen byrjar på garden. Dette er ein nokså bratt tur med fleire knausar og gjerde å koma seg over, men den låge høgda på åsen gjer at turen opp tar under ein halvtime.

Toppen er grasdekt. Mykje av utsynet er stengt av høgare åsar, men ein kan har godt utsyn mot sør ned Troutbeck-dalen og kan sjå den største sjøen i England, Windermere.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]