Troutbeck i Eden
Troutbeck | |||
busetnad | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Fylke | Cumbria | ||
Distrikt | Eden | ||
Kommune | Hutton | ||
Troutbeck i Eden 54°37′21″N 2°57′12″W / 54.6224°N 2.9533°W | |||
Wikimedia Commons: Troutbeck, Eden | |||
Troutbeck er ein liten busetnad i Cumbria i England, nokre mile vest for Penrith. Busetnaden ligg innnfor Lake District og civil parishet Hutton. Han høyrde tidlegare til Cumberland.
Great Mell Fell ligg like aust for Troutbeck. Dette er eit fjell som er open for allmenta. Det høyrer til National Trust.
Like nord for Troutbeck ligg fem romerske mellombelse eller marsjleirar, ved romarvegen A66.
Stadnamnet «Troutbeck» er fyrst dokumentert i Subsidy Rolls frå 1332, der det er skrive som «Troutbek». Namnet er sett saman av gammalenglesk truht og norrønt bekkr, og tyder 'aurebekk'.[1] Bekken renn inn til Trout Beck og svingar så mot vest, der han renn inn i elva Glenderamackin rundt ein kilometer vest for Hutton Moor End.[2]
Galleri[endre | endre wikiteksten]
-
Jesus Church og drikketrau i Troutbeck
-
Hus nord i Troutbeck
-
Troutbeckdalen
-
Bekken Trout Beck
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Mills, A. D. (2011). «Troutbeck» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-960908-6. doi:10.1093/acref/9780199609086.001.0001/acref-9780199609086-e-13264.
- ↑ Eilert Ekwall, The Concise Oxford Dictionary of English Place-names, s. 481.
- Denne artikkelen bygger på «Troutbeck, Eden» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juni 2022.