Trowbridge

Koordinatar: 51°19′N 2°13′W / 51.317°N 2.217°W / 51.317; -2.217
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Trowbridge i England)

Trowbridge

Trowbridge rådhus sett frå Fore Street
Trowbridge rådhus sett frå Fore Street
Trowbridge rådhus sett frå Fore Street
Plassering
Trowbridge is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Wiltshire
Distrikt Wiltshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

28 163
Koordinatar 51°19′N 2°13′W / 51.317°N 2.217°W / 51.317; -2.217
Diverse annan informasjon
Postnummer BA14
Telefon-retningsnummer 0 1225
Commons har multimedium som gjeld: Trowbridge

Trowbridge er ein by i grevskapet Wiltshire i England. Han er administrasjonsby både for grevskapet og for distriktet West Wiltshire. Byen ligg ved elva Biss vest i Wiltshire. Tidlegare var ullproduksjon viktigaste næringsvegen, men den siste fabrikken la ned i 1982.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegaste skriftlege referansen til Trowbridge finst i Domesday Book (1086). Ein kan ut frå namnet som er oppgjeve der sjå at namnet til byen kjem frå gammalengelsk treow-brycg, som tyder 'trebru' eller 'bru ved eit tre'.

Trowbridge slott vart reist på 1100-talet. Det er i dag ingen synlege spor etter sjølve slottet, men i byplanen kan ein sjå at ei av gatene i sentrum, Fore Street, følgjer ei kurve som tilsvarar vollgrava til slottet. Staden der slottet låg er no dekt av eit kjøpesenter. Utgravingar som vart gjort før senteret vart bygd viste at det fanst ei angelsaksisk busetjing der, og ein fann spor etter ei kyrkje frå ca. 850, med ein kyrkjegard ved sida av. Gravsteinar frå denne står no i St James's Church og Trowbridge museum.

Islington Toll House i Trowbridge.

I 1200 fekk Trowbridge charter som marknadsby. Han byrja då å vekse, og frå det 1300-talet var tøyproduksjon, og særleg ulltøy, den største industrien. Etter borgarkrigen byrja ein å produsere medley, eit lett stoff laga av spansk ull som var farga før det vart spunne. Dette førte til store inntekter i dei neste 150 åra. Den industrielle revolusjonen førte òg til auka velstand, og byen voks kraftig i byrjinga av det 1800-talet. Fleire fabrikkeigarar fekk reist staselege heim i byen, og fleire av desse er verna.

Tekstilindustrien fekk ein tilbakegang då nye metodar, som ring spinning, vart utvikla. Produksjon av sengeklede, som opphavleg var blitt laga av biprodukt frå ullindustrien, blei viktigare; det same blei næringsmiddelindustri. Medan fleire verksemder er blitt flytta eller nedlagde, har framleis frosenmatverksemda Wiltshire Farm Foods og sengeprodusenten Airsprung tilhald i byen.[1]

Trowbridge blei administrasjonsby for det nye Wiltshire County Council i 1889 ettersom fylkesrepresentantar frå stader som Swindon og Salisbury kunne reisa hit for å møtast og heim att på éin dag. Eit rådhus blei bygd her i 1939.[2]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Trowbridge jernbanestasjon ligg på Wessex-linja mellom Bradford-on-Avon og Westbury. Tog frå Trowbridge møter hovudlinja Great Western i Bath og Chippenham. Dei møter Reading-Taunton-linja i Westbury.

Hovudvegen A361 går gjennom byen og knyter han til Swindon i nordaust og Barnstaple i sørvest. A350 til Poole går også nær byen.

Den næraste flyplassen er Bristol Airport, rundt 5 mil unna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]