Truandedåp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Truandedåp i Benin.
Truandedåp ved Guam.

Truandedåp (eller truandesdåp, dåp av truande) er i kristen samanheng dåp av menneske etter deira eige ønskje og i samsvar med hans eller hennar personlege vedkjenning av si kristentru.[1] Dåpstypen blir også kalla vaksendåp for å skilja han frå barnedåp.

Innanfor kristendommen er dåpen eit sakrament som formidlar Guds nåde. Baptistane held fast ved at den einskilde sjølv må ville ta imot Guds nåde for at dåpen skal kunne gje noka meining. Pinsevennene praktiserer òg dåp av truande. Den som vil bli døypt, fortel forsamlinga korleis han eller ho kom til tru, og på denne kjenninga vert vedkomande døypt i eit offentleg møte i forsamlinga. Dåpen skjer ved heil neddykking under vatn ein augneblink, som eit symbol på at ein vert gravlagd til det nye livet i Jesus.[2]

I Noreg vert dåp av truande praktisert mellom anna av Det norske baptistsamfunn og innan pinserørsla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]