Truck On (Tyke)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Truck On (Tyke)
Singel av T. Rex
frå albumet Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow
B-side

Sitting Here

Utgjeve 24. november 1973
Sjanger Pop, glamrock
Lengd 3:09
Selskap EMI (Storbritannia)
Låtskrivar(ar) Marc Bolan
Produsent Tony Visconti
T. Rex-kronologi 
The Groover
(1973)
Truck On (Tyke) Teenage Dream
(1974)


«Truck On (Tyke)» er ein song frå 1973 av det britiske glamrockbandet T. Rex, gjeve ut i 1973. Verken songen eller B-sida, «Sitting Here», kom ut på noko studioalbum av bandet, men kom sidan ut som bonusspor på nyutgjevingar av albumet Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow frå 1974. Singelen fekk dårleg kritikk då han kom og han selde ikkje like godt som tidlegare T. Rex-singlar. Singelen låg totalt elleve veker inne på den britiske singellista og nådde 12. plassen der,[1] «Truck On (Tyke)» var den nest siste T. Rex-singelen, før «Teenage Dream» i 1973, som nådde topp 20 i Storbritannia før «New York City» i 1974. Marc Bolan sa sjølv at «Truck On (Tyke) er den 14. hitsingelen min og eg blir ikkje overraska om han ikkje når toppen av lista.»[2] Seinare sa Bolan at det vart gjort med vilje at «utgjevinga var planlagt. Eg ønskte å gjere noko som ikkje var så bra, som framtidige utgjevingar kunne samanliknast mot.»[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «T REX | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 16. juli 2021. 
  2. Benton, Michael. «I'm a Phenomenon». Disc. Henta 16. juli 2021. 
  3. Arscott, Marc. «1973, Unzipping the Abstract». Marc Bolan Music. Arkivert frå originalen 9. oktober 2016. Henta 16. juli 2021.