Trude Drevland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trude Drevland
Trude Drevland.2.jpg
FøddTrude Harriet Larssen
27. mai 1947
Melbu
NasjonalitetNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar

Trude Harriet Larssen Drevland (fødd 27. mai 1947) er ein norsk politikar frå Høgre, og ordførar i Bergen kommune i perioden 2011 - 2015. Ho var i valperioden 2003-2007 byråd for helse og omsorg i Bergen i Mæland I-byrådet.

Drevland er utdanna sjukepleiar, men har hatt ei rekkje politiske og private stillingar. Ho sat tidlegare mellom anna i fylkesutvalet i Hordaland og har jobba som næringspolitisk leiar i Bergen Næringsråd før ho gjekk inn i byrådet i Bergen som byråd frå 2003 til 2007. Tidlegare har ho òg jobba som generalsekretær i Norges Musikkorps Forbund og vore leiar ved Fyllingsdalen sjukeheim.

Drevland er elles syster til skodespelaren Lars Andreas Larssen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]