Trude Stendal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trude Stendal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. mai 1963 (60 år)
Bergen
Yrke fotballspelar

Trude Margaret Stendal (fødd 30. mai 1963) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Bergen. Heile si tid som aktiv spela ho for IL Sandviken. Mellom 1981 og 1990 spela ho 32 landskampar for Noreg. I 1987 vart ho europameister for Noreg i 1987. Stor fart var hennar fremste styrke som fotballspelar.

Stendal, som var angrepsspelar, skåra begge Noregs mål i EM-finalen 1987. Finalen fann stad på Ullevaal stadion i Oslo og enda med norsk siger 2-1 over Sverige. Ho gjorde 1-0 i fyrste omgang og la på til 2-0 vel midtvegs i andre omgang.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1987 for Noreg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar