Truls Horvei
Truls Horvei | |
![]() | |
Nasjonalitet | Norsk |
Fødd | 14. mars 1957 (65 år) Bergen |
Yrke | Journalist |
Periode | 1988- |
Debut | Havfruehester |
Nettstad | trulshorvei.no |
Truls Horvei (fødd 14. mars 1957 i Bergen)[1] er ein norsk forfattar og journalist.
Han debuterte i 1988 med diktsamlinga Havfruehestar[2], og har sidan gjeve ut fleire diktsamlingar og to ungdomsbøker. I tillegg har han i samarbeid med musikarar gjeve ut tre CD'ar. Saman med Roy Ole Førland har han gjeve ut albumet Haikutronics, og dei har halde konsertar og reist rundt på skular og der halde haiku- og elektronikaverkstad. I 2020 laga Scenekraft kortfilmen og poesimonologen Fars stemme med Horvei sine dikt henta frå boka med same namn.
Horvei arbeider som kulturjournalist i Haugesunds Avis og er busett i Sagvåg på Stord.[3]
Bøker[endre | endre wikiteksten]
- 1988 – Havfruehester – Diktsamling
- 1991 – Fanden vet – diktsamling
- 1992 – Stjernehuset – Diktsamling
- 1994 – Blå strenger – Ungdomsbok
- 1996 – En halv time – Diktsamling
- 1996 – Siste kvelden – Ungdomsbok
- 2003 – Bortenfor haugen, bak plommetreet – Diktsamling med CD
- 2011 – Moods of Horvei – Diktsamling
- 2014 - Paraplydrømmer - Diktsamling
- 2017 - Fars stemme - Diktsamling
- 2020 - Frostskrift - Diktsamling
CD-ar[endre | endre wikiteksten]
- 2000 – Maria og de to andre : kjærlighetens triumf og andre besværligheter – saman med Maria Malmsten Steinkopf og Einar Steinkopf
- 2002 – Fanden vet – saman med Siv Kvalsvik, Svein Ragnar Myklebust og Erik Jørgensen
- 2005 – Haikutronics – saman med Roy Ole Førland
- 2011 - Moods of Horvei - saman med Roy Ole Førland (vedlegg til boka med same namn)
- 2013 - Paraplyer ved havet - saman med Roy Ole Førland og band
- 2015 - Søvnløs - saman med Roy Ole Førland og band
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ ««Truls Horvei»». forfatterkatalogen.no. Henta 5. april 2012.
- ↑ ««Truls Horvei»». Nettstaden til forlaget Margbok. Henta 5. april 2012.
- ↑ ««Truls Horvei»». Nettstaden til Odda litteratursymposiet. Henta 5. april 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Nettstaden til Truls Horvei
- Digitaliserte bøker av Truls Horvei hjå Nasjonalbiblioteket
- Intervju med Truls Horvei Arkivert 2013-02-16 ved Wayback Machine. på nettstaden til Bergen Offentlige Biblitek
- Truls Horvei i Biblioteksøk
- Utgjevingar av Truls Horvei i BIBSYS Ask[daud lenkje]