Truls Koch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Truls Koch
Fødd 18. juni 1808
Sørfold
Død

13. januar 1884
Kristiania

Yrke prest, politikar

Truls Krog Koch (18. juni 180813. januar 1884) var ein norsk prest og stortingsmann.

Koch var fødd i Sørfold, der faren var prest. Sjølv vart han student i 1826, og cand. theol. i 1832. I 1835 vart han residerande kapellan i Leikanger i Sogn, deretter sokneprest i Hamarøy frå 1839. 1856-79 var han sokneprest i Verdal.

Både i 1845 og 1848 var Koch 2. representant frå Nordlands amt på Stortinget. Begge gongane var han medlem av militærkomiteen.

Koch døydde i Kristiania i 1884.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914