Truls og Trine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Truls og Trine var eit julehefte teikna av Arild Midthun. Teksten var forfatta av Terje Nordberg og Dag Kolstad. Det første heftet, Truls og Trine redder julen, vart utgjeve til jul i 1983. Det var det første nyskapte norske seriejuleheftet sidan 1956. Dette heftet har vorte rekna som innleiinga til ein periode med fleire nyproduserte norske teikneseriar.[1]

Hovudpersonane i «Truls og Trine» er to sysken som er 10-12 år gamle. Av andre figurar møter ein mest nissar, troll og dyr.

Teikneserien «Truls og Trine» har kome berre som julehefte.

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Truls og Trine redder julen - tekst av Terje Nordberg og Dag E. Kolstad, teikning Arild Midthun, utgjeve av Semic. Ny utgåve i 1998
  • 1984: Truls og Trine. Julemysteriet - tekst av Terje Nordberg og Dag E. Kolstad, teikning Arild Midthun
  • 1985: Truls og Trine : Trolljul - tekst av Terje Nordberg og Dag Kolstad, teikningar av Arild Midthun, Bladkompaniet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene. side 145