Hopp til innhald

Trump Derangement Syndrome

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Trump-forstyrringssyndrom)

Trump Derangement Syndrome (‘Trump-forstyrringssyndrom’) er eit nedsetjande omgrep som vert brukt for å beskrive negative reaksjonar på den amerikanske presidenten Donald Trump. Med omgrepet vert dei karakteriserte som irrasjonelle og fråkopla dei faktiske politiske posisjonane til Trump. Omgrepet har hovudsakleg vorte brukt av Trump-tilhengjarar for å diskreditere kritikk av han, som ein måte å omformulere diskusjonen ved å antyde at motstandarane hans ikkje er i stand til å oppfatta verda nøyaktig.