Hopp til innhald

Trungsystrene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dong Ho-måleri av Trungsystrene

Trưng-systrene, som blei drepne kring år 43 e.Kr., var to vietnamesiske systrer som leidde eit opprør mot kinesarane under det kinesiske styret i Vietnam.[1] Den eldste systera heitte Trưng Trắc medan den yngste heitte Tråt Nhị. Motstanden deira har ofte vore brukt til å kalla til patriotisme i tider der Vietnam har vore truga av ytre fiendar.

Systrene voks opp i ein familie med militære tradisjonar. Då kinesarane starta å styrkja grepet sitt over landet, oppstod det misnøye blant aristokratane frå det gamle Au Lac. I år 40 byrja dei to systrene eit opprør mot dei kinesiske styresmaktene. Dei samla store folkemengder rundt seg, og makta å driva ut kinesarane.

Det tok tre år før den kinesiske generalen Ma Yuan med ein hær på 20 000 mann overvann systrene. Dei blei avretta (eller tok sjølv livet av seg, ifølgje vietnamesiske kjelder) i år 43. Ma Yuan sette opp fleire festningar for å styrka det kinesiske grepet om landet.

Systrene har gjeve namn til både tempel og gater i Vietnam, og i februar blir dei æra gjennom ein festival.

  1. ↑ Yu, Yingshi (1986). Denis Twitchett; Michael Loewe (eds.). Cambridge History of China: Volume I: the Ch'in and Han Empires, 221 B.C. – A.D. 220. University of Cambridge Press. s. 453. ISBN 978-0-5212-4327-8.