Trunking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trunking er ein teknologi for radiosamband der eit radiosystem vert brukt til å maksimera den tilgjengelege kapasiteten[1] på eit sambandsnettverk ved å gje grupper av brukarar ei logisk «samtalegruppe» på deling  i staden for ein eigen radiofrekvens.

Den enkelte sitt radiosett sender datapakkar til ei datamaskin som opererer på ein eigen fast frekvens, ein såkalt kontrollkanal, for å be om kommunikasjon for ei spesifikk samtalegruppe. Kontrollaren sender eit digitalt radiosignal til alle radioar som overvaker denne samtalegruppa og instruerer radioane om automatisk frekvensbyte for å følgja kommunikasjonen. Etter at brukaren er ferdig med å snakka returnerer radioane til å overvaka kontrollkanalen for ytterlegare sendingar.

Denne organiseringa gjer at fleire grupper av brukarar kan dela på ei lita mengd radiofrekvensar utan å høyra hverandre sine samtalar. System med frekvenshopping har som hovudfunksjon å spara på avgrensa kanalkapasitet og gjev òg høve for andre avanserte funksjonar for brukarane.

Ulike typar radiosystem med trunking[endre | endre wikiteksten]

  1. Association of Public Safety Communications Officials
  2. Ercisson GE
    • EDACS Provoice
    • EDACS
  3. Logic Trunked Radio
  4. Motorola
    • Type I
    • Type II
    • Type IIi Hybrid
    • Type II SmartZone
    • Type II SmartZone OmniLink
    • iden (integrated Digital Enhanced Network)
  5. MPT-1327
  6. MRR
  7. OpenSky
  8. APCO Project 25
  9. SmarTrunk
  10. TETRA
  11. TETRAPOL
  12. GSM

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Talk groups, scanning, and group calls are defined in, "Section 2: Needs Summary," Arizona Phase II Final Report: Statewide Radio Interoperability Needs Assessment, Macro Corporation and The State of Arizona, 2004, s. 16.