Truth av Chingiz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Truth»
Song av Chingiz
Land Aserbajdsjan
Språk Engelsk
Utgjeve 8. mars 2019
Sjanger Pop
Lengd 03:29
Selskap BMF
Låtskrivar(ar) Borislav Milano, Çingiz Mustafayev, Trey Campbell, Pablo Dinero, Hostess, Joacim Persson
Chingiz framfører «Truth» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

«Truth» ('sanning') er ein popsong frå 2019 som vert framført av den aserbajdsjanske songaren Chingiz. Songen var det aserbajdsjanske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen enda på åttandeplass i finalen med 302 poeng.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Truth» vart internt vald ut av İctimai Televiziya som det aserbajdsjanske bidraget til Eurovision Song Contest 2019. Låten er komponert av Borislav Milanov, Trey Campbell, Bo J, Pablo Dinero, Hostess og songaren sjølv, Çingiz Mustafayev.[1] Songen vart utgjeven 8. mars 2019.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I januar 2019 vart Aserbajdsjan trekt ut til å delta i semifinale 2 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Aserbajdsjan hadde startnummer 18. Dette vart dermed det siste bidraget ut på scena.[2] I avrøystinga vart «Truth» blant dei ti beste bidraga i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[3] I finalen enda «Truth» på åttandeplass med 302 poeng.[4]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2019) Høgaste

plassering

 Estland (Eesti Tipp-40)[5] 31
 Hellas (IFPI)[6] 100
 Litauen (AGATA)[7] 10
 Sveits (Schweizer Hitparade)[8] 43
 Sverige (Sverigetopplistan)[9] 91

Kjelder[endre | endre wikiteksten]