Truth av Jeff Beck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Truth
Studioalbum av Jeff Beck
Språk engelsk
Utgjeve August 1968
Innspelt 14–26. mai 1968
Studio Abbey Road Studios i London; Olympic Sound Studios i London; De Lane Lea Recording Studios i London
Sjanger Bluesrock, psykedelisk rock, hardrock
Lengd 40:16
Selskap EMI Columbia SCX 6293 (Storbritannia)
Epic Records BN 26413 (USA)
Produsent Mickie Most
Jeff Beck-kronologi 
Truth Beck-Ola
(1969)


Truth er debutalbumet til Jeff Beck, gjeve ut i 1968 i StorbritanniaColumbia Records og i USAEpic Records. Det introduserte òg bandet hans, The Jeff Beck Group, særskild Rod Stewart og Ronnie Wood, for eit større publikum, og nådde 15. plassen på Billboard 200.

Innhald og bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha slutta i The Yardbirds seint i 1966, hadde Jeff Beck gjeve ut tre singlar, to i 1967 med Beck på solovokal, og ein utan vokal i 1968. Alle hadde nådd den britiske singellista,[1] og var alle songar retta mot pop-lista etter ordre frå produsenten Mickie Most.[2] Hardare rock- og blues-baserte songar var på B-sidene til singlane, og Beck valde å følgje denne stilen på albumet.

Innspelinga av albumet fann stad over fire dagar, 14–15. mai og 25–26. mai 1968.[3] Ni songar vart valde ut frå desse innspelingane, inkludert ein versjon av «Ol' Man River» av Jerome Kern, «Greensleeves» frå tudortida og Bonnie Dobson sin «Morning Dew», ein hitsingel for Tim Rose i 1966. Beck anerkjende gigantane innan Chicagoblues med songar av Willie DixonMuddy Waters sin «You Shook Me» og Howlin' Wolf sin «I Ain't Superstitious». Albumet starta med ein song frå det gamle bandet til Beck: «Shapes of Things». Tre originale songar var tilskrivne «Jeffrey Rod», eit pseudonym for Beck og Stewart, all omarbeidingar av eldre bluessongar: «Let Me Love You», som var ein song med same tittel av Buddy Guy; «Rock My Plimsoul» var basert på «Rock Me Baby» av B.B. King og «Blues Deluxe» som minna om ein annan song av B.B. King, «Gambler's Blues».[4] «Plimsoul» var alt blitt spelt inn for B-sida til singelen «Tallyman» i 1967, og det tiande sporet var ein instrumental med Jimmy Page, John Paul Jones, Keith Moon og den framtidige Beck-pianisten Nicky Hopkins, «Beck's Bolero». Denne var blitt gjeven ut tidlegare som B-sida til «Hi Ho Silver Lining». Av kontraktsårsaker vart Moon omtalt på det originale plateomslaget som «You Know Who».

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars lenkje
Rolling Stone(positiv)[5]
Rolling Stone
album guide
3.5/5 stars lenkje

Truth vert rekna som eit av dei første heavy metal-albuma fordi det vert spelt blues på ein hardrockmåte.[6] Tom Scholz frå Boston har omtalt albumet som favorittalbumet sitt i nettmagasinet til Gibson og sa at «Eg kunne Jeff Beck sitt Truth ut og inn...»[7] Albumtittelen inspirerte til bandnamnet Truth and Janey.[8]

Bluesgitaristen Joe Bonamassa spelte inn ein studioversjon av «Blues Deluxe» i 2003 på albumet hans Blues Deluxe og spelte konsertversjonar på Live at Rockpalast (2005) og Live from the Royal Albert Hall (2009). Bonamassa spelte òg «Beck's Bolero», «Let Me Love You Baby» (og «Spanish Boots» og «Plynth (Water Down the Drain)» frå albumet Beck-Ola) på hans Salute to the British Blues Explosion-turneen med musikk av Beck, Clapton og Page i juli 2016.

Den 10. oktober 2006 gav Legacy Recordings ut ei nymastra utgåve av albumet på CD med åtte bonusspor. Dette inkluderte to tidlegare opptak av «You Shook Me» og «Blues Deluxe», sistnemnde utan overdubba applaus, og dei seks songane frå singlane til Beck. B-sida til singelen «Love Is Blue», «I've Been Drinking», var ein annan «Jeffrey Rod»-song, denne gongen ei omarbeiding av Johnny Mercer-songen «Drinking Again».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Shapes of Things»Jim McCarty, Keith Relf, Paul Samwell-Smith3:22
2.«Let Me Love You»Jeffrey Rod4:44
3.«Morning Dew»Bonnie Dobson4:40
4.«You Shook Me»Willie Dixon, J. B. Lenoir2:33
5.«Ol' Man River»Jerome Kern, Oscar Hammerstein II4:01
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Greensleeves»Traditional1:50
2.«Rock My Plimsoul»Jeffrey Rod4:13
3.«Beck's Bolero»Jimmy Page2:54
4.«Blues De Luxe»Jeffrey Rod7:33
5.«I Ain't Superstitious»Willie Dixon4:53

Bonusspor på 2005-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«I've Been Drinking» (stereomiks)Jeffrey Rod3:25
12.«You Shook Me» (take 1)Willie Dixon, J. B. Lenoir2:31
13.«Rock My Plimsoul» (stereomiks av singelversjonen)Jeffrey Rod3:42
14.«Beck's Bolero» (mono singelmiks)Jimmy Page3:11
15.«Blues De Luxe» (take 1)Jeffrey Rod7:31
16.«Tallyman»Graham Gouldman2:46
17.«Love Is Blue»André Popp, Pierre Cour, Brian Blackburn2:57
18.«Hi Ho Silver Lining» (stereomiks)Scott English, Laurence Weiss3:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Ikkje oppførte musikarar

Produksjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. UK Chart Stats, henta 29. juni 2018
  2. Charles Shaar Murray. Truth, 2006 reissue, Legacy Recordings 82876 77352 2, liner notes.
  3. Murray, notat i omslaget til Truth.
  4. Murray, Truth reissue liner notes.
  5. Kooper, Al (28. september 1968). «Truth». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 10. mai 2014. Henta 17. april 2014. 
  6. Nick Logan and Bob Woffinden, editors. The Illustrated Encyclopedia of Rock. New York: Harmony Books, 1977, p. 137.
  7. Tom Scholz Top 10 Favorite Albums henta 29. juni 2018, arkivert frå originalen 31. januar 2013, henta 29. juni 2018 
  8. Iowa Rock 'n' Roll Music Association henta 29. juni 2018, arkivert frå originalen 4. juni 2011, henta 29. juni 2018