Trygve Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trygve Andersen
Fødd 10. juli 1934
Bergen, Askøy
Yrke fotballspelar

Trygve Andersen (fødd 10. juli 1934) er ein norsk, tidlegare fotballspelar frå Bergen. Han spela 27 landskampar for Noreg, dei aller fleste på midtstopparplass. Andersen spela for Bergens-klubbane Årstad og Brann, med Sportsklubben Brann vart han seriemeister i 1962 og 1963.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Andersen spela for Årstad Idrettslag fram til 1960. I hans tid på laget spela Årstad i Hovudserien frå 1951 til -53, samt sesongane 1956/57 og 1958/59.

Etter overgangen til Brann var Andersen sterkt delaktig i at klubben vann Hovudserien 1961–62 og 1. divisjon i 1963. Han byrja spele for klubben straks etter at den unge Roald Jensen kom inn i Brann-angrepet og skapte furore på Brann-tribunane. Andersen var då kaptein for Brann, og den sentrale figuren i forsvarsspelet.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Andersen debuterte på Noregs landslag i ein kamp i Reykjavik, 8. juli 1957, der det vart norsk siger 3-0 etter mål av Gunnar Dybwad, Kjell Kristiansen og Arne Legernes. Det skulle gå nesten fire år før han fekk sin neste landskamp, då i ein kvalifiseringskamp til VM-1962 mot Tyrkia på norsk heimebane. 11. juni 1962 skåra han sitt einaste landslagsmål då Noreg vart feia av bana i København, Danmark vann landskampen 6-1. I mai 1965 spela Andersen sine to siste landskampar, den aller siste var ein VM-kamp i Trondheim som enda med 4-2 over Luxembourg.

Han la opp i 1966.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister 1961/62 og 1963 med Brann

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar