Trygve G. Nordby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trygve G. Nordby
Fødd 26. mars 1954 (68 år)
Yrke politikar
Verv Generalsekretærer i Norges Røde Kors
Periode 2006-2008
Føregangar Jonas Gahr Støre
Etterfylgjar Børge Brende
Periode 2001-2006
Føregangar Petter J. Drefvelin
Etterfylgjar Manuela Ramin-Osmundsen
Verv Direktør for Utlendingsdirektoratet

Trygve Gulbrand Nordby (fødd 26. mars 1954) er tidlegare generalsekretær i Norges Røde Kors. Han kom frå jobben som direktør i Utlendingsdirektoratet, som han hadde frå 2001 til 2006). Nordby er no visegeneralsekretær i den internasjonale Raudekrossen. 1. januar 2010 tiltrer han som generalsekretær i Europarørsla. Han er utdanna ved sosialhøgskulen ved Nordland distriktshøgskule.

Han har tidlegare vore generalsekretær i Flyktningerådet (1990–1997), rådmann i Oppegård kommune og konsulent for OSSE sin utsending til Kroatia med omsyn til flyktningespørsmål, kampanjeleiar i Kommunenes Sentralforbund, pressesekretær for Sosialistisk Venstreparti si stortingsgruppe, informasjonssjef i Nordland fylkeskommune, fyrstekonsulent innan psykisk helsevern i Nordland fylke, i tillegg til at han har arbeidd som frilansjournalist.

I september 2001 vart han konstituert som direktør i Utlendingsdirektoratet og vart tilsett i stillinga i statsråd 21. desember 2001 for ein åremålsperiode på seks år.

22. mai 2006 leverte Graver-utvalet ein intern granskingsrapport som omhandla Nordby si tid i UDI. Han fekk då krass kritikk for å ha gjennomført ein lovstridig praksis når det gjaldt å gje opphaldsløyve til irakarar i strid med politiske vedtak.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. UDI-direktøren trekker seg av Elisabeth Rodum på Aftenposten.no (22.05.2006).