Trygve Hoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For økonomen og redaktøren, sjå Trygve J.B. Hoff.
Trygve Hoff
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. juli 1938
Rognan
Død

2. desember 1987 (49 år)

Yrke dirigent, låtskrivar, plateartist
Språk norsk

Trygve Henrik Hoff (7. juli 19382. desember 1987) var ein norsk visesongar og tekstforfattar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Hoff var fødd og oppvaksen på Rognan i Nordland. I alle år var han oppteken av oppveksten og røtene sine. Han var saltdaling og nordlending. Her henta han inspirasjon til tekstane sine, og her høyrde han heime.

Hoff var lærar på Buskerud folkehøgskole (Heimtun) i mange år, då han budde på Darbu i Øvre Eiker kommune. Han var ein periode dirigent for Berlevåg Mannsangforening[1][2]

Trygve Hoff fekk tre barn: Ståle, Stig Henrik og Siv Elisabeth, Ståle var også ein god musikar før han vart sjuk, han spelte på fleire av platene til faren og har lagd melodien til «Folk é så bra» saman med Terje Blickfeldt. Stig Henrik og Siv Elisabeth er i dag etablerte skodespelarar.

Hoff er gravlagd ved Fiskum kyrkje. Han vart hylla med Nordland fylkes kulturpris post mortem i 1988.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Samleplata hans «Snart gryr en dag» vart i 2004 av avisa Nordlys og NRK kåra til tidenes nordnorske samlealbum. Hoff skreiv ei rad viser med utspring i landsdelen. Han skildra «Jentan på fileten», og skreiv også tekstar for andre artistar og turnerte Nord-Noreg flittig heilt til han gjekk bort.

«Har en drøm» og «Ei hand å holde i» er songar som dei fleste kjenner, begge vart gjeve til Jørn Hoel.

Sissel Kyrkjebø si debutplate Sissel finn vi heile songar med tekst av Trygve Hoff, «Tenn et lys», «I ditt smil» og «Dagen gryr» (mel. Svein Gundersen), «Inn til deg» (mel. Lars Muhl) og «Det skal lyse en sol» (mel. Lasse Holm).

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1979 Kokfesk & Ballade
  • 1980 Fokti
  • 1980 Rækved og lørveblues
  • 1983 Dele med dæ
  • 1985 Midt i livet
  • 1988 Snart gryr en dag (samleplate)

1993 Lån mæ no'n tima (samleplate)

  • 1994 Trygve Hoff (utgjeve i regi av Televerket)
  • 1995 Trollfjell her i nord (Lydbok i samarbeid med Karl Erik Harr)
  • 2008 Kokfesk & Ballader (samleplate)

Visebøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1981 Kokfesk, ballader og lørveblues.
  • 1982 Trollfjell her nord
  • 1984 Eventyr langs leia.
  • 1985 Lyset i mørketida.
  • 1983 Villblomar i visehagen (redaktør)

Utvalde plater av andre artister[endre | endre wikiteksten]

Trygve Hoffs Minnefond og Minnepris[endre | endre wikiteksten]

Trygve Hoffs Minnefond vart stifta 12. februar 1988 til ære for kulturarbeidaren. Grunnkapitalen i fondet er skaffa til vege ved støttekonsertar, offentlege tilskott og private gåver.

Formålet er å dele ut Trygve Hoffs minnepris, som blir finansiert av avkastninga av grunnkapitalen. Minneprisen går til ein person eller ei gruppe personar som arbeider med kulturarbeid i Trygve Hoffs and.

Tygve Hoffs minnepris

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Trygve Hoff

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Øgland, Tom Erik; Pirum (sangkor) (2002). Pirum 1965-2000. Pirum forl. 
  2. Harr, Karl Erik (28. september 2014). «Trygve Hoff». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 5. mai 2019. 
  3. Avisa Nordland - Dag Pettersen - «Glad vinner i sommersol» 26. august 2013 Side 7 - Seksjon: kultur
  4. «Trygve Hoff Minnepris 2015 > Norsk kulturskoleråd». kulturskoleradet.no (på norsk). Henta 5. oktober 2022. 
  5. aslaug (28. juni 2017). «Trygve Hoffs Minnepris til Erling Riibe Ramskjell • ballade.no». ballade.no (på norsk bokmål). Henta 5. oktober 2022. 
  6. Nybakken, Vilde Øines (15. januar 2020). «Tonje Unstad får nordnorsk kulturpris». Fremover (på norsk). Henta 5. oktober 2022.