Trygve Lindeman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trygve Lindeman
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. november 1896
Christiania
Død

24. oktober 1979 (82 år)
Oslo

Yrke musikar
Far Peter Lindeman
Mor Anna Severine Lindeman

Trygve Henrik Lindeman (3. november 189624. oktober 1979) var ein norsk cellist frå Kristiania og i to mannsaldrar var han rektor for Musikkonservatoriet i Oslo.[1]

Etter examen artium (1915) studerte han til sivilingeniør ved NTH i 1916 før han skifta til musikkstudiar ved Musikkonservatoriet i Oslo under Gustav Fr. Lange og i den danske hovudstad ved Det kongelige danske Musikkonservatorium under Carl Nielsen. Som cellist debuterte han i 1925 og vart direktør (etter sin far Peter Brynie Lindeman) ved Musikkkonservatoriet i 1928. Direktør var han fram til 1969. Ekteparet Lindeman hadde ikkje barn og etablerte derfor Lindemans Legat og overlét konservatoriets leiing til Anfinn Øien som var rektor fram til Norges Musikkhøgskole vart starta i 1973. Lindeman-tradisjonen i norsk musikk vart dyrka fram av Trygve som meinte at alle kunne spelle, komponere og begripe musikkteori og bedrive pedagogikk.[2]. Trygve Lindeman var frimurar og skjøtta embetet som ordførande meister i sin loge i ei årrekke.

Premiar[endre | endre wikiteksten]

Utgivingar[endre | endre wikiteksten]

  • Lærebok i taktering for kordirigenter, 1939
  • Lærebok i elementær musikkteori, 1943
  • Tonetreffing og musikkdiktat, 1951
  • Orkesterinstrumenter og partitur, 1973
  • Musik-konservatoriet i Oslo 1883–1973, 1976, med E. Solbu

Referansar[endre | endre wikiteksten]