Trygve Nagell
Trygve Nagell | |
![]() | |
Fødd | 13. juli 1895 Oslo |
---|---|
Død | 24. januar 1988 Uppsala |
Nasjonalitet | Noreg, Sverige |
Område | talteori |
Yrke | matematikar, universitetslærar |
Institusjonar | Universitetet i Oslo Uppsala universitet |
Alma mater | Universitetet i Oslo |
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien Det Norske Videnskaps-Akademi Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Trygve Nagell (fødd 13. juli 1895 i Kristiania, død 24. januar 1988 i Uppsala) var ein norsk matematikar.
Han tok doktorgrad ved Universitetet i Oslo i 1926, og var stipendiat og seinare dosent same stad til 1931. Han var så professor ved Uppsala Universitet frå 1931 til 1962. Nagell gav ut 132 matematiske avhandlingar. Den første kom alt i 1917 medan han enno studerte. Nagell arbeidde særleg innanfor talteori og særleg diofantiske likningar.
Han var formann i Undervisningsrådet for norsk skolevesen utanfor Noreg 1942–1945. Trygve Nagell vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 1925, av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i 1952 og av Kungliga Vetenskapsakademien i Stockholm i 1943. Han vart æresdoktor ved Uppsala Universitet i 1956. Nagell fekk Haakon VIIs Frihetskors i 1947, vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1951 og av den svenske Nordstjärneorden i 1952.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Trygve_Nagell» i Store norske leksikon, snl.no.
- Einskildmenn
- Fødde i 1895
- Døde i 1988
- Norske matematikarar
- Vitskapsfolk frå Oslo
- St. Olavs Orden
- Nordstjerneordenen
- Norske matematikkprofessorar
- Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi
- Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
- Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet
- Talteoretikarar
- Matematikarar på 1900-talet