Trygve Owren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trygve Owren

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. oktober 1912
Fåberg kommune
Død

3. mars 1987 (74 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Far Peder Aslak Berntsen Owren

Trygve Owren (7. oktober 19123. mars 1987) var ein norsk gardbrukar, pelsdyroppdrettar og stortingsrepresentant for Høgre 1963-69.

Owren var son til ein gardbrukar på Fåberg. Han gjekk handelsskule 1931 og Vinterlandbruksskolen i Oslo 1936 og -37. Åra 1936-40 var han studieleiar i Norges Bondelag.

I 1937 starta han opp eit pelsdyroppdrett i Vingrom. Frå 1947 dreiv han og eigde han fabrikk på Lillehammer som laga transportartiklar til bruk i land- og skogbruket. Perioden 1954-72 hadde han òg eit gardsbruk på Nes på Romerike. Han var formann i Gudbrandsdal pelsdyralslag 1953-62.

Owren var medlem i Fåberg heradsstyre frå 1956 til 1963 og etter kommunesamanslåing i Lillehammer bystyre 1964-67. Han var formannskapsmedlem frå 1960. Stortingsperioden 1961-65 var han vararepresentant frå Oppland og partiet Høgre. I september 1963 døydde den valde representanten Guttorm Granum og Owren møtte resten av perioden. Hausten 1965 fekk han fast tingplass frå Oppland. På Tinget var medlem i Sosialkomiteen. Han vart ikkje attvald i 1969.

Owren var aktiv i Milorg 1943-45 og vart tildelt Deltakarmedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]