Trykkammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vertikale trykkammer.

Eit trykkammer er ein lukka behaldar som held gassar eller væsker i eit trykk som er vesentleg forskjellig frå det omliggande trykket

Trykkskilnaden er farleg og mange dødsulukker har skjedd gjennom historia til utviklinga av trykkammer og handsaminga av dei. Utforminga, produksjonen og handsaminga av trykkammer er derfor regulerte av tekniske styresmakter og lover. Definisjonen av trykkammer varierer derfor frå land til land, men omfattar parameterar som maksimal trykk og temperatur det er trygt å operere under.

Undertrykkskammer er lufttette rom der ein skapar undertrykk ved å pumpe ut luft, som vil sei at trykket er lågare enn lufttrykket. Desse vert nytta innan flymedisin og for å simulere trykktilhøva i store høgder. Såkalla høgdehus er ei form for undertrykkskammer.

Overtrykkskammer er lufttette rom der trykket er høgare enn atmosfæretrykket. Kammera kan vere store og stasjonære og tole trykk som svarar til fleire hundre meter djupne, eller små og transportable einingar som er rekna for overtrykk på berre 1-2 atmosfærar. Overtrykkskammer vert nytta mellom anna til behandling av dykkarsjuke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]