Trykkokar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trykkokar.

Trykkokar eller trykk-kokar er eit apparat som gjer at ein kan koka noko ved eit høgare trykk enn det som finst i omverda. Trykket blir halde høgt ved å forsegla ilåtet ein kokar i, slik at verken gass eller væske slepp ut før det ønska trykket er oppnådd. Trykkokarar har ein ventil som sikrar at apparata har eit visst arbeidstrykk, og i moderne utgåver også ei tryggleiksordning som set inn om ventilen blir tilstoppa. Dei finst som gryter som kan brukast på ein komfyr, og som elektriske apparat.

Energibruken er lågare og koketida kortare i ein trykkokar enn ved vanleg koking fordi svært varm vassdamp kan påverka maten i staden for å fordampa. Vanleg koketemperatur i trykkokarar til heimebruk er 120°C.

Den franske fysikaren Denis Papin fann opp ein tidleg trykkokar i 1679. Denne maskinen kunne skilja feitt frå bein. I 1864 byrja Georg Gutbrod frå Stuttgart produsera trykkokarar av støypejern. I 1919 fekk spanske Jose Alix Martínez patent på ein trykkokar kalla olla exprés, og i 1938 presenterte Alfred Vischler sin Flex-Seal Speed Cooker, den første trykkokaren for heimebruk, i New York.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trykkokar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne matartikkelen som har med fysikk og kjemi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.