Tryne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trynet til ein gris med open munn.

Tryne (norrønt trýni) er den langstrekte snuten til visse dyr, som svinedyr, piggsvin, moldvarpar og tapirar.

Trynet til svinedyr har to sentrerte naseopningar som kan lukkast. Det er styrkt med kraftig brusk og spesielle musklar som har feste rett framfor augo på dyret. Svinedyra bruker trynet til å rota i bakken med for å finna mat. Sjølve trynet er svært hardført og gjer dyra i stand til å rota opp ganske hard grunn. Muskulaturen i snuten blir brukt saman med muskulaturen i nakken når dyra roter i jorda.

Tryne kan også vera eit slanguttrykk for ansiktet, munnen eller nasen, som i uttrykka «få seg ein trynet», «detta på trynet» eller «å tryna», eller å «ikkje lika trynet på» nokon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]