Trysilgutten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trysilgutten IL, til vanleg kalla berre Trysilgutten, er eit idrettslag i Trysil rekna som verdas eldste skiklubb. Han blei stifta 20. mai 1861 som Trysil Skytte- og Skiløberforening. På 1870-talet gjekk skyttarane ut av klubben og stifta Trysilfjeld Skytterlag. Det gjenståande idrettslaget endra då namn til Trysil Skiklub. Etter at nye idrettar kom inn blei namnet endra att i 1890 Trysil Idrætsforening. Etter at turn blei lagd til 1912 blei namnet Trysil Turn- og Idrætslag. I 1940 fekk laget sitt noverande namn, Trysilgutten.

I dag omfattar idrettslaget skiidrettane langrenn, hopp, skiskyting og kombinert i tillegg til friidrett, handball, turn, orientering og fotball.

Nokre kjende utøvarar frå klubben er Anita Moen,[1] Per Bakken, Elling Rønes, Halvor Næs og Johan Sætre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anita Moens Offisielle hjemmeside». Arkivert frå originalen 12. januar 2010. Henta 2. desember 2007.