Trysilmeteoritten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trysilmeteoritten er ein steinmeteoritt som fall ned i Trysil morgonen den 21. juni 1927. Det var mogeleg å sjå meteoritten som ei eldkule med ein brei, flammande hale og røykstripe etter seg frå Hvaler i ytre Oslofjorden til Trysil. Lyset var så kraftig at det overgjekk sola.

Seinare vart det funnen ein meteoritt litt sør for garden Barflo i Drevdalen. Meteoritten hadde trengt 16 cm ned i lyngtorva og brote sunt mot ein stein og vorte kasta opp att. Trysilmeteoritten består i dag av to større stykke og ein mindre bit.

Meteoritten er klassifisert som ein olivin-hypersthenchondritt og den opphavlege vekta var om lag 640 gram. I dag er det største stykket utstilt ved Geologisk museum i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Trysilmeteoritten» i Store norske leksikon, snl.no.