Tsar-bomba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kopi av Tsar-bomba

Tsar-bomba (russisk: Царь-бомба) var ei sovjetisk prøvesprenging av ei hydrogenbombe. Ho vart detonert på Novaja Zemlja i Sovjetunionen 30. oktober 1961. Bomba har vorte estimert til rundt 50 megatonn [1][2] og er den desidert største sprengladinga som nokon gong er vorte detonert.

Bomba vart detonert i ei høgd på 4 000 meter og gav eit lysglimt som var synleg i ein omkrins på 2 000 kilometer. Eldkula utvikla seg til å verte 4,6 kilometer brei i løpet av få sekund og resulterte i at menneske i ein omkrins på 100 kilometer på bakkenivå fekk 3. grads forbrenning. I ein omkrins på 1 000 kilometer gjorde trykkbølgja skadar på vegetasjon og bygningar. Atomsoppen steig 64 km til vers før han forsvann.

Sjølve bomba vog 27 tonn og var 8 meter lang og 2 meter brei. Modellen var eigentleg ei atombombe på 100 megatonn etter visjon frå den sovjetiske presidenten Nikita Khrusjtsjov. Denne vart aldri detonert og i staden redusert til 50 megatonn før ho vart detonert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tsar Bomba - The King of Bombs». Atomic Forum. Henta 15. august 2008. 
  2. «The Tsar Bomba ("King of Bombs")». www.nuclearweaponarchive.org. Henta 15. august 2008.