Tsarevitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den seinare Aleksandr I som tsarevitsj.

Tsarevitsj er ein slavisk adelstittel gjeven til sonen av ein tsar. Tilsvarande kan dottera til ein tsar ha tittelen tsarevna.[1]

På 1700-talet gjekk tittelen over til å vera offisiell tittel for eldstesonen til tsaren eller kronprinsen i Russland, medan tsesarevna var tittelen til kronprinsessa. Nemningane er ofte blitt forveksla, særleg i utanlandske kjelder. Aleksej Nikolajevitsj, kronprins av Russland var den siste som blei kalla tsarevitsj, sjølv om han faktisk var tsesarevitsj.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Tsarevitsj-egget.

Ivan Tsarevitsj er eit typisk namn på helten i russiske eventyr.

Der Zarewitsch er ein operette av Franz Lehár som byggjer på eit skodespel av Gabriela Zapolska. Ho handlar om Aleksej Petrovitsj, sonen til Peter den store i eksil.

Tsarevitsj-egget er eit Fabergé-egg laga på oppdrag av tsarina Aleksandra til ære for tsarevitsj Aleksej Nikolajevitsj.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bratberg, Terje. (15. februar 2009). Tsarevitsj. I Store norske leksikon. Henta 13. mai 2016.