Tsilma
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tsilma | |
elv | |
Land | ![]() |
---|---|
Nedslagsfelt | 21 500 km² |
Lengd | 374 km |
Middelvassføring | 228 m³/s |
Kjelde | Timanhøgdene |
Munning | Petsjora |
Tsilma (russisk Цильма) er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Petsjora frå venstre.
Elva har ei lengd på 374 km og eit nedslagsfelt på 21 500 km². 54 km frå munningen har ho ei middelvassføring på 228 m³/s.
Dei største sideelvane hennar er Kosma og Tobysj frå venstre og Myla og Usa frå høgre.
Tsilma spring ut frå Timanhøgdene på grensa til Arkhangelsk oblast nordvest i republikken Komi. Ho renn nordover før ho svingar austover gjennom øydemarka. I den nedre delen av elva ligg det enkelte landsbyar ved breidda.
Tsilma renn ut i Petsjora på motsett side av byen Ust-Tsilma.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Цильма» frå Wikipedia på russisk, den 29. september 2008.