Tsipa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsipa
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 422 000 km²
Lengd 405 km
Middelvassføring 270 /s
Kjelde Bauntsjøen
Munning Vitim
Kart
Tsipa
55°02′34″N 111°50′19″E / 55.0427°N 111.8385°E / 55.0427; 111.8385
Wikimedia Commons: Tsipa

Tsipa eller Nedre Tsipa (russisk Ципа eller Ни́жняя Ци́па - Nizjnjaja Tsipa) er ei elv i Burjatia i Russland og ei av sideelvane til Vitim frå venstre.

Elva er 405 km lang og har eit nedslagsfelt på 422 000 km².

Øvre Tsipa (russisk Верхняя Ципа - Verkhnjaja Tsipa) spring ut frå foten av Sør-Mujskogo og munnar ut i Bauntsjøen. Dei største sideelvane hennar frå høgre er Jirga, Gulonga og Tsjervjak, medan dei største frå venstre er Kedrovaja, Ilokolo og Totsja. Denne delen av elva er 179 km.

Vidare frå Bauntsjøen renn Tsipa eller Nedre Tsipa.

Dei første 220 km av elva renn ho sakte, men når jo renn gjennom fjellet Babanty vert elvefaret smalare og elva renn raskare. Her ligg mange 119 stryk. Det største stryket er eit fall på fem meter. Elva er derfor ei populær elv for elverafting.

Det finst mykje fisk i elva, som åbor, gjedde, sik, harr og aure.

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Frå høgre: Ugolnaja, Gorjatsjaja, Glubokij, Sarov, Kudor, Kadali, Kurungda, Bira, Olingda, Mramornaja, Razvilka, Vojmakan, Bojme, Siliktorni, Bugarikta, Amalat, Bulanki, Aktragda og Konnorin.

Frå venstre: Butsja, Uakit, Golbylok, Sivakit, Vekove, Amnunnik, Talikit, Birkatsjan, Amnunna Tsipninskaja, Tsjudelma, Tulekit, Nimnokit, Tsirik, Mramornyj, Zjelban, Kevekte, Zjalju, Tsjerjomusjyj, Khajta, Krivaja og Ima.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]