Tsjadbassenget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tsjadbekkenet)
Tsjadbassenget
sedimentasjonsbasseng
Land  Tsjad,  Sudan  Den sentralafrikanske republikken,  Kamerun  Nigeria,  Niger  Algerie
Kart
Tsjadbassenget
16°30′N 18°00′E / 16.5°N 18°E / 16.5; 18

Tsjadbassenget er eit sedimentasjonsbasseng i Tsjad, Kamerun, Nigeria og Niger. Hovuddelen av Tsjadsjøen ligg i dag i Tsjad og Kamerun. Frå søraust kjem hovudtilløpa Chari og Logone. Strandlinjer viser at Tsjadsjøen tidlegare har hatt ein særs stor utstrekking. År 4000 f.Kr dekte Tsjadsjøen eit areal på 400 000 km². Innsjøsedimenta indikerer tørkeperiodar år 8500 f.Kr, 5500 f.Kr, 2000 f.Kr og 100 f.Kr. I dag er innsjøen igjen i ferd med å dampe inn.

Bassenget er endorheisk som vil sei at det ikkje har utløp som flyt til havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Askheim, Svein (3. mai 2009). «Tsjadbassenget». Store norske leksikon. Henta 8. februar 2014.