Tsjakram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sikhar med tsjakramar. Illustrasjon frå 1844.

Tsjakram (devanagari चक्रं; panjabi tsjakkar, engelsk chakram) er eit flatt, sirkelforma kastevåpen av metall som stammar frå India. Ein tsjakram kan minna om ein gresk diskos, men har hol i midten og svært skarpe kantar. Han er kjend frå hindumytologi og frå sikh-tradisjon.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Akali-turban med fleire tsjakramar festa oppover.

Tsjakramar er forma som relativt smale og flate ringar. Dei kan ha ulike storleikar, men er ofte rundt 25-30 cm i diameter.

Ein kan gje tsjakramen fart ved å snurra han rundt peikefingeren, eller ved å kasta han som ein diskos eller frisbee. Når han blir kasta, roterer tsjakramen, noko som hjelper framdrifta og gjev han både høg fart og stor rekkevidde. Tsjakramar av stål kunne vanlegvis nå 40-60 meter, ein lettare og meir aerodynamisk variant i messing kunne nå heile 100 meter.

Ein tsjakram kan sigla gjennom lufta utan å laga lyd. Ein del hadde små hol som gjore at våpenet laga ein kvinande lyd når det flaug. Dette kunne skapa panikk blant dei som var under åtak.

Kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

Visjnu flyg på Garuda med ein tsjakram rundt fingeren.

Tsjakram er omtalt i dei kjende hinduverka Mahabharata og Ramayana. Guden Visjnu har ein tsjakram kjend som «sudarshana tsjakra» som han ofte blir framstilt med. Krisjna, ein avatar av Visjnu, er også kjend under namnet «tsjakradhari», 'tsjakra-haldar'. Ordet «tsjakram» er avleidd frå sanskritordet tsjakra som tyder 'hjul' eller 'runding'.

Seinare blei tsjakram særleg knytt til sikhar då sikh-krigarar brukte våpenet til godt utpå 1800-talet, og skal tilmed ha blitt brukte av sikh-regiment under andre verdskrigen. Spesialkrigarar kjende som akali eller nihang pleide ha tsjakramar rundt armane, halsen eller festa i fleire etasjar på høge turbanar. Tsjakram kan framleis ha ei seremoniell tyding for desse sikhane.

Det moderne flygeleiketøyet som minner mest om tsjakramen er aerobie, ein ringforma frisbee.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]