Tsjapajevka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tsjapajevka
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Kjelde Obsjtsjij Syrt
Munning Volga
Lengd 293 km km
Nedslagsfelt 4 310 km² km²
Vassføring
 - middel 2 53 m³/s /s

Tsjapajevka (russisk Чапа́евка), òg kalla Motsja (russisk Мо́ча) er ei elv i Samara oblast i Russland og ei av sideelvane til Volga frå venstre. Elva er 293 km lang og har eit nedslagsfelt på 4 310 km². Elva har ei middelvassføring på 2,53 m³/s.

Elva spring ut frå vestsida av Obsjtsjij Syrt, og munnar ut i Saratov-reservoaret nær Novokujbysjevsk. Byen Tsjapajevsk ligg ved elva. Elva er farbar opp til 34 km frå munningen. Mesteparten av vassføringa kjem frå snøsmelting, og elva tørker heilt inn i dei øvre delane om sommaren. Ho er islagt frå november til april. Dei største sideelvane hennar er Petrusjka, Vetljanka og Vjazovka.

Elva vart opphavleg kalla Mótsja, men vart i 1925 omdøypt Tsjapajevka til ære for borgarkrigshelten Vasilij Tsjapajev.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]